RSS

Johan Theorin – GRAVRØYS

23 Apr

gravrøysDen fjerde og siste boka i Ölandskvartetten.

Denne gongen handlar det om den velståande familien Kloss, som har ein resort på øya. Denne sommaren får dei besøk av eit gammalt spøkelse.

For gamle Gerlof Davidsson som no bur på eldresenteret på vinterstid, blir dette sannsynligvis den siste sommaren på hytta.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei gammal spøkelseshistorie, ein mann som vender heim frå det nye landet, og ein suksessfull resort som vert råka av ei rekke uheldigheiter.

Karakterane – 8
Gerlof kjenner me frå før. Kloss-familien er interessant bekjentskap, og den mystiske «heimvendaren» er også ein mann med ei svært spennande historie.

Miljøskildring – 7
Theorin har skildra Öland på ein meir spennande måte tidligare, men også her vert øya omspunnen av mystikk og spøkeri.

Språket – 10
Svært god flyt. Lettlest frå start til mål. Og sjølv om boka er 460 sider lang, så kjennes den nesten for kort.

Starten – 7
Ein spennande start, før det spenningsnivået ramlar litt.

Sidesnuing – 8
Boka er delt inn i kapittel om dei 4-5 sentrale karakterane, så det er heile tida nye historietrådar som vert hengande, og som du ser fram mot i spenning. Litt tamt i starten, men det tek seg opp.

Tempo – 9
Bra driv stort sett heile vegen.

Forutsigbarheit – 7
Dette er ei historie der ein anar kva som vil skje ganske tidleg, men likevel er det bra spenningsnivå utover. Sjølv om ein ikkje har dei heilt store cliffhangerane.

Den gode kjensla – 8
Ei god og spennande bok. Virkar solid heile vegen, sjølv om den ikkje er heilt på høgde med dei beste frå kvartetten.

Avslutninga – 8
Spennande, men kunne gjerne vore litt meir fokus på det dramatiske som skjer mot slutten.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: