RSS

Cilla & Rolf Börjlind – DEN TREDJE STEMMEN

02 Mai

dentredjestemmenDen andre boka om Tom Stilton og Olivia Rønning, som her endrar namn i starten av boka.

Den forrige boka var svært god, og plasserte seg heilt oppe på topp 3 blant dei 227 bøkene eg har kommentert på denne sida, så forventingane var høge.

Denne gongen er det ein åleinefar som tek livet av seg, og vert funne av dottera. TIlfeldigvis er Olivia og mor hennar i nærleiken, og kjenner så vidt til dei involverte. Samstundes ber Abbas den tidlegare politimannen og uteliggaren Tom Stilton, om å vere med seg til Marseille, der han skal rydde opp i noko frå fortida.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann, som er åleine med dottera si, etter at mora forsvann under tsunamien i Thailand, tek livet av seg. Abbas får urovekkande nyheiter frå heimbyen Marseille, og ber Tom Stilton om å vere med seg ned dit, for å ordne opp.

Karakterane – 8
Karakterane er gode, men det som var spennande rundt Tom og Olivia i forrige bok, er ikkje så spennande lenger, sidan livssituasjonane deira har endra seg. Mette, Mårten og Abbas er for så vidt ok, sjølv om Abbas ikkje er like sentral som sist.

Miljøskildring – 7
Sjølv om me både er i Marseille, og på flotte gods, så skulle ein ønske at detaljskildringa var litt betre her.

Språket – 10
Språket er det ikkje noko å utsetje på. Enkelt og lettlest og bra.

Starten – 8
Det går litt tid i starten, der ein lurer litt på kva ein skal sjå etter, men det tek ikkje alt for lang tid før fleire spennande historier er i gong.

Sidesnuing – 9
Gode cliffhangerar stort sett heile vegen. Ekteparet har skrive fleirfoldige tv-seriar, og den gode dramaturgien og drivet har dei teke med seg over i bokform.

Tempo – 9
Tempoet er bra, og det skjer ting i eit sett. Det er få pustepauser undervegs.

Forutsigbarheit – 8
Mange overraskingar, men kanskje er nokre av tvistane for overraskande til å vere truverdige?

Den gode kjensla – 7
Boka er svært bra, men samanlikna med den forrige, er den eit stort skritt tilbake. Det er spennande stort sett heile vegen, men når ein byrjar å nøste saman trådane, så er tilfeldigheitene litt for utrulege, og det øydelegg heilheitsinntrykket litt.

Avslutninga – 7
Litt slapp i forhold til resten. Lufta går litt ut av ballongen etter alle dei fantastiske samantreffa litt tidlegare.

TOTAL: 8,1

Advertisements
 
 

One response to “Cilla & Rolf Börjlind – DEN TREDJE STEMMEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: