RSS

A.J. Kazinski – SØVNEN OG DØDEN

11 Mai

søvnenogdødenDen andre boka om gisselforhandlaren Niels Bentzon. Boka startar med at Bentzon for fyrste gong mislukkast med å snakke ei kvinne frå å hoppe i døden.

Men detaljar rundt dødsfallet gjer at Bentzon ikkje er overtydd om at ho dette var eit vanleg sjølvmord. Han har grunn til å tru at nokon pressa eller skremte henne til å gjere det.

Han har problem med å få resten av kollegaene med på tankerekka, inntil obduksjonen viser at ho kort tid før ho hoppa, hadde drukna og vorte gjennoppliva.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit spennande plott, der ein ung ballettdansar druknar og vert gjennoppliva, før ho skremt hoppar i døden.

Karakterane – 8
Houvdpersonen er svært bra, og dei andre karakterane er såpass flyktige i denne boka at ein ikkje heilt får taket på dei. (Sjølv om eit par av dei kan kjennnast att, om ein har lese den fyrste boka, Den Siste Gode Mann.)

Miljøskildring – 7
Miljø og omgivnad er ikkje det som vert lagt mest fokus på her. Me er i København i notid, utan at det er noko som brenn seg fast på minnet.

Språket – 8
Enkelt og lettlest språk. Dei 500 sidene flyg av garde her.

Starten – 8
Det er mykje som vert etablert tidleg, men på ein spennande måte.

Sidesnuing – 8
Det er tre houvdhistorier her, om Bentzon, den ukjende drapsmannen og ei tredje historie, som ikkje er veldig spennande, men heller repetativ, og som me ikkje får vite relevansen til før heilt på slutten. Dei to andre er spennande, men den tredje er litt seig. Men kapitla er korte, så det er som regel alltid kort mellom spenningstoppane.

Tempo – 8
Tempoet er forholdsvis bra, i alle fall i kapitla om Bentzon og drapsmannen.

Forutsigbarheit – 7
Ganske bra. Men på eit visst tidspunkt viser forfattaren oss monsteret, og då forsvinn litt av den mest intense spenninga, og det vert litt lettare å sjå kvar me skal hen.

Den gode kjensla – 7
Boka er ganske spennande heile vegen, men det held dessverre ikkje heilt inn.

Avslutninga – 6
Det er ein del lause trådar i ei slik bok, og dessverre så sit ein igjen med eit par spørsmål når ein er ferdig. Her skulle det gjerne vore nøsta opp litt bedre.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: