RSS

Derek B. Miller – NORWEGIAN BY NIGHT

24 Mai

norwegianbynightEi bok, skriven av ein amerikanar, som fyrst kom ut på norsk. Var ikkje klar over dette når den vart bestilt frå Amazon, så det vart den amerikanske versjonen.

Når barnebarnet Rhea, som er det einaste familiemedlemmet Koreaveteranen Sheldon Horowitz har igjen, flyttar frå USA til Noreg, vert han overtalt til å vere med på flyttelasset. Gamlingen er ein grinebitar, som helst ikkje vil gå ut av leiligheita deira i Oslo. Men så vert han vitne til at ei kvinne vert drepen, og må plutselig skjule den unge sonen hennar frå drapsmennene. Dei legg ut på ei underlig flukt rundt på Austlandet, fanga mellom drapsmenn frå Balkan, og spøkelser frå New York og Nord-Korea.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann på over 90 vert vitne til eit drap, og skjønar plutseleg at han er den einaste som kan ta vare på sonen til drapsofferet. Mordaren er etter han, og han veit ikkje om han kan stole på politiet i landet han nettopp har flytta til.

Karakterane – 9
Hovudpersonen er spennande og interessant, og bakgrunnshistoria vert rulla opp undervegs. Dei norske karakterane er derimot svært enkle, naive og nærast karikerte.

Miljøskildring – 8
Spennande skildring av både Oslo og områda rundt, sett gjennom augene på ein som ikkje er fødd her til lands.

Språket – 8
Lettlest og fint. Ein del bakgrunnsstoff, men det bygger fint opp rundt hovudkarateren.

Starten – 7
Starten er litt seig, og det går litt sakte. Litt mykje etablering før spenninga startar.

Sidesnuing – 8
I starten er det ikkje akkurat ein sidesnuar, men det tek seg opp, og etter kvart vert det spennande. Ikkje berre å følgje historia, men også å lære meir om karakteren Sheldon Horowitz.

Tempo – 8
Det går sakte, og det er langt frå nokon Hollywoodthriller. Men frå rundt midtvegs i boka, så gjer det ingenting at det går litt sakte. Det er snarare med på å bygge opp spenninga.

Forutsigbarheit – 7
Me ser ganske tidleg kvar me ender opp, men reisa dit er likevel spennande og fin.

Den gode kjensla – 9
Boka vert bedre og bedre, og ein skjønar godt alt skrytet som har kome den til gode, til lenger ut ein kjem. Ein litt seig start, men du verda for ein god leseopplevelse.

Avslutninga – 8
Ein spennande slutt, der den gamle mannen bygger opp til sitt livs forestilling.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 24/05/2014 in barn, krig, miller, new york, norge, oslo, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: