RSS

Agatha Christie – MISS MARPLES SISTE SAK

26 Mai

missmarplessistesakDet siste mysteriet til Miss Marple.

Eit ungt par flyttar tilbake til England, frå New Zealand, og kjøper seg hus. Huset virkar veldig kjent for Gwenda Reed, og etter kvart viser det seg at ho må ha budd her tidlegare i livet. Stadig fleire minner dukker opp, blant anna minnet av å ha sett ei kvinne ved namn Helen verte kvalt i gangen i huset.

PS: Boka vart gitt ut i 1976, etter at Agatha Christie var død, men ho skreiv både denne, og den siste Poirot-boka, rundt 1940, og hadde manusa liggande for å verte utgitt etter sin død.

(1976)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei kvinne kjøper seg hus i England, fordi ho liker det så godt, men så byrjar ho å kjenne igjen stadig fleire ting i huset. Og til slutt eit mord, som ho minst å ha sett i svært ung alder. Ho og mannen bestemmer seg for å finne ut kva et var ho faktisk såg.

Karakterane – 8
Miss Marple er Miss Marple, Reed-ekteparet oser av Agatha Christie-karakterar, og det er eit par spennande bi-karakterar, i gamle gartnarar, legar og hushaldersker.

Miljøskildring – 8
Ei fin og idyllisk skildring av det herskapelege landsbylivet i England.

Språket – 8
Til å vere ei bok som er snart 75 år gammal, (kom ut i 1976, men vart skriven 36 år tidlegare) så er den relativt lettlest.

Starten – 8
Spennande etableringar veldig tidleg, og ein alt i alt ein start som får deg til å ville vite meir.

Sidesnuing – 8
I forhold til mange tidlegare Christie-bøker (som vart skrivne seinare), har denne boka ein framgong som verkar både rask og effektiv. Det er tilløp til cliffhangerar både her og der, og det er i det heile tatt lite av dei longørane som ein ofte finn i tidlege Miss Marple og Poirot-fortellingar.

Tempo – 8
Sjølv om det går framover jamnt, så er ikkje tempoet det heilt store, men det skal det heller ikkje vere i ei Miss Marple-sak.

Forutsigbarheit – 8
Det utkrystalliserar seg kjapt nokre solide mistenkte i saka, og så opererer me heile tida med ein ukjent faktor. Så er spørsmålet om det er ein av dei sikre kandidatane, eller om det kjem ein outsider i sluttspurten.

Den gode kjensla – 9
Ei svært god bok. I tillegg til å ha Agatha Christie-mystikken over seg, så er boka kjappare, og meir moderne bygd opp enn mange av dei andre bøkene hennar. Det gjer at leseopplevinga har det beste av to verdenar.

Avslutninga – 8
Dramatikk og action i avslutninga også. Her leverast det heilt inn.

TOTAL: 8,0

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: