RSS

William Landay – TIL JACOBS FORSVAR

09 Jun

tiljacobsforsvarEin ung gut vert funnen drepen i ein park i den vesle byen Newton på austkysten. Andy Barber er visestatsadvokat, og får saka. Dei får tidleg ein mistenkt i saka, før ein ny hovudmistenkt dukkar opp. Barber sin eigen 14 år gamle son.

I staden for å vere statsadvokaten som skal finne den skuldige, vert Andy Barber no tenåringsfaren som skal reinvaske sonen sin.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein ung gut vert funnen drepen, og sonen til visestatsadvokaten seglar opp som hovudmistenkt.

Karakterane – 7
Det er forteljarkarakteren Andy som er hovudpersonen her, men gjennom han vert me også godt kjende med kona Laurie og sonen Jacob. Heilt greie karakterar, men ikkje noko som brenn seg fast i minnet.

Miljøskildring – 8
Småbyliv i Massachusetts, skildra på ein måte du kjøper.

Språket – 8
Enkelt og lettlest, men forteljarstemma, ikkje heilt ulik den me finn i Gillian Flynn sin Flink Pike, er ganske slitsom.

Starten – 8
Starten er ok, og ei stund er det ganske spennande.

Sidesnuing – 7
Det er litt spennande i starten, men så kjem ein ganske lang del som ikkje gir så mykje. Mot slutten tek det seg opp, og vert det spennande igjen.

Tempo – 7
Heilt greit tempo heile vegen. Det litt tunge strekket tidleg går litt sakte.

Forutsigbarheit – 7
Ikkje så mykje å skryte av før mot slutten.

Den gode kjensla – 7
Ei skuffande bok, ikkje så spennande som den er hausa opp til å vere, og historia avhenger for mykje av karakterane. Spenninga får ikkje heilt tak, og historia er for sentrert rundt ei linje.

Avslutninga – 9
Den definitivt sterkaste delen til boka. Spennande og overraskande slutt.

TOTAL: 7,6

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/06/2014 tommar advokat, barn, landay, usa

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.