RSS

Robert Wilson – DEN STØRSTE STRAFFEN

29 Jun

denstorstestraffenDottera til den indiske mangemilliardæren Frank D´Cruz vert kidnappa. Charles Boxer har bygd seg opp eit rykte som ein solid kidnappingskonsulent, som er kjend for å få ofra tilbake i live.

Men i denne saka er det mykje som ikkje er som det brukar å vere, heilt frå starten av.

Ein ny karakter frå Robert Wilson, som har store sko og fylle.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Alyshia D´Cruz vert kidnappa, og Charles Boxer er mannen som skal få henne tilbake, utan innblanding frå politiet. Problemet er berre at kidnapparane ikkje kjem med noko krav.

Karakterane – 7
Charles Boxer er ein bra karakter, mange av dei andre kjem ikkje heilt gjennom, eller er bifigurar som ikkje får nok tid i boka.

Miljøskildring – 7
Litt mindre fokus på London enn det er i bøkene frå Sevilla eller Lisboa, som Wilson har skrive så glimrande om før.

Språket – 8
Språket er lettlest og fint, og sjølv om historia til tider er litt seig, så flyt det bra.

Starten – 8
Actionprega start, som etter kvart flatar litt ut.

Sidesnuing – 7
Litt meir varierande enn me er vande til frå denne kanten. Historia går frå svært spennande til tider til svært lite intens i andre augneblikk.

Tempo – 7
Litt som med sidesnuinga. Somme tider er det intenst, andre gonger litt meir bedagelig og til tider litt for sakte.

Forutsigbarheit – 8
Det er mange vendingar som overraskar undervegs, nokon til det bedre, nokon kjennes som eit steg tilbake.

Den gode kjensla – 6
Hadde nok venta litt meir frå ein forfattar som dette. Sjølv om det glitrar til tider, så held heilheita litt for lavt nivå.

Avslutninga – 8
Actionprega slutt, som tek seg litt opp, men dessverre ikkje nok til å løfte heilheitsinntrykket.

TOTAL: 7,4

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/06/2014 in england, india, kidnapping, london, wilson

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: