RSS

Agatha Christie – KLOKKENE

13 Jul

klokkeneEit sekretærbyrå får ei bestilling, og kunden ber spesielt om den unge Sheila Webb. Om ingen opnar døra, får ho beskjed om å gå rett inn i stova til høgre. Ho gjer som ho får beskjed om, og då ho kjem inn så finn ho ein død mann liggande på golvet.

Det viser seg at kvinna som bor i huset er blind, og har ikkje bestil nokon sekretær. Så kven ringte, og kven er den døde mannen på golvet?

Politiet intervjuar alle naboane, men utan hell. Til slutt vert Hercule Poirot tilkalla for å løyse gåta.

(1963)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert funnen død, etter at ein sekretær har fått beskjed om å kome inn i eit hus. Mannen bur ikkje i huset, og den blinde dama som eig huset har heller ikkje bestilt sekretær.

Karakterane – 7
Politimannen Hardcastle og den noko mystiske agenten Colin Lamb er dei sentrale her, og er heilt greie typar. Poirot spelar ei mindre rolle i saka.

Miljøskildring – 7
Spennande og fint skildra rundt gata Wilbraham Crescent i Sussex.

Språket – 8
Språket er bedre enn i mange andre krimbøker frå denne perioda. Lettlest og enkelt.

Starten – 8
Ei spennande oppbygging med mange spenningsmoment og spørsmål me ønsker svar på.

Sidesnuing – 6
Det er meir spennande i starten enn utover, dessverre.

Tempo – 7
Tempoet er greit. Det er ikkje treigt, men til tider kunne det vore meir utvikling i saka.

Forutsigbarheit – 7
Det er vanskeleg å vite kva som vil skje her, sjølv om me får nokre ledetrådar. Slutten fortel meir om kvifor dette er vanskelig.

Den gode kjensla – 7
Ei bok på det jamne. Eit spennande utgangspunkt, som flatar ut, og slutten er heilt krise. Den øydelegg såpass mykje, at dette, til tross for den lovande starten, er den svakaste Agatha Christie-boka eg har lese hittil.

Avslutninga – 4
Utan å gå i detaljar, så kan det seiast slik: Dette er den type avslutning ein dreg fram som eksempel når ein gjer narr av latterlege krimhistorier. Dessverre.

TOTAL: 6,9

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 13/07/2014 in christie, england, mysterium, poirot, politi

 

One response to “Agatha Christie – KLOKKENE

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: