RSS

Ian Rankin – STRIP JACK

19 Jul

stripjackStrip Jack er den fjerde boka om inspektør John Rebus.

Under eit raid i ein sexklubb, finn politiet eit kjent parlamentsmedlem saman med ein kvinne på eit rom. Og sjølvsagt står avisene på utsida i det MP Gregor Jack vert ført ut i dei ventande politibilane.

Rebus synes synd på Jack, og er nysgjerrig på kvifor ikkje kona hans har gitt lyd frå seg. Jack fortel at han og kona har forskjellig omgongskrets, men då kona vert sakna, viser det seg at omgongskretsen hennar har ting å skjule.

(1992)

Vurdering:

Plottet – 8
Rebus jobbar med ei sak der nokre gamle bøker har forsvunne. Samstundes er han med på eit raid i ein sexklubb, der dei overraskande finn ein lokal MP saman med ei prostituert kvinne.

Karakterane – 8
Rebus er bunnsolid, kollegaene (denne gongen mest Brian Holmes) er bra, og galleriet rundt Gregor Jack og kona er spennande.

Miljøskildring – 8
Edinburgh og nord-Skottland som få andre kan omtale det.

Språket – 8
Stort sett enkelt og lettlest, men eit par stader luggar det litt.

Starten – 7
Som vanleg med Rebus, eit tilsynelatande grå og traust sak, utan så mykje blod, gørr eller andre hollywoodgrep. Men du veit det tek seg opp.

Sidesnuing – 7
Litt opp og ned, men meir og meir spennande til lenger ut du kjem.

Tempo – 8
Litt som over. Det går litt i bølgedalar, men stort sett er det bra driv.

Forutsigbarheit – 8
Her er det fine vriar og overraskande vendingar heilt til slutten. Me er innom mange mistenkte før me er i mål.

Den gode kjensla – 8
Ein god krim. Ein slitekrim som byrjar grå og vanleg, men som vert bedre og bedre, og med ei utvikling som få andre forfattarar kan måle seg med. Ikkje den beste Rebusboka, men ei middels Rebusbok er bedre enn dei fleste.

Avslutninga – 8
Ei spennande og ganske overraskande ending på det heile. Rankin skuffar ikkje denne gongen heller.

TOTAL: 7,8

 
 

One response to “Ian Rankin – STRIP JACK

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: