RSS

Deon Meyer – SYV DAGER

24 Jul

syvdagerSør-Afrikansk krim, og eit hyggeleg nytt bekjentskap.

I Cape Town får politiet inn ein trussel om at ein politimann vert skoten kvar dag, inntil dei arresterer personen som drepte advokaten Hanneke Sloet. Innsendaren er overtydd om at politet bevisst ikkje har arrestert vedkomande, sjølv om dei veit kven det er.

Så byrjar trusselskrivaren å skyte politifolk, og etterforskaren Benny Griessel får ansvaret for å både finne snikskyttaren, og finne ut kven som drap Sloet.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 9
Ein ukjend sender inn ein trussel om at vedkomande vil skyte ein politimann per dag, inntil politiet arresterer den som har drepe ein flott, ung advokat.

Karakterane – 8
Griessel er eit positivt bekjentskap, med ein spennande gjeng rundt seg.

Miljøskildring – 8
Fargerik og livleg skildring av Cape Town.

Språket – 9
Svært god flyt.

Starten – 8
Etter å ha fått introdusert hovudpersonen litt, er det rett på sak, før det roar seg litt ned med mykje bakgrunnsjobbing.

Sidesnuing – 8
Med nokre unntak her og der, så er det spennande stort sett frå starten av.

Tempo – 8
Sjølv om det er to saker som må løysast parallelt her, så går det litt sakte i historia til tider, men heldigvis ikkje for lenge i gongen.

Forutsigbarheit – 8
Det er spennande heile vegen, mange mistenkte, mange vinklingar, og vanskeleg å gjette på den skuldige altfor tidleg.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande bok, med eit svært spennande utgangspunkt. Sjølv om det kanskje er litt trått somme stader, så er det mykje som skjer, og det er mange historier som held spenninga oppe.

Avslutninga – 8
Ei god avslutning, som ikkje sviktar resten av boka.

TOTAL: 8,3

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: