RSS

Denise Mina – BLODÅKEREN

27 Jul

blodaakerenEin treåring vert drepen i Glasgow, og to gutar på tolv år innrømmer å stå bak drapet.

Paddy Meehan er internbud i avisa The Scottish Daily News, og drøymer om å verte journalist. Då det viser seg at ein av tolvåringane er fetteren til kjærasten hennar, fortel ho det til ein kollega, og seier også at ho ikkje vil skrive noko om det. Då skriv kollegaen om det, og heile familia trur det er Meehan som har gjort det.

Ho byrjar sjå nærare på saka, og finn ut at politiet ikkje ser ut til å ha fått med seg alle detaljane.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein ung journalistspire byrjar grave i ei sak som synes avgjort, der to tolvåringar har teke livet av ein 3-åring.

Karakterane – 8
Paddy Meehan er spennande, det same med nokre av journalistkollegaene hennar. Den sterkt religiøse familien hennar er også eit interessant bekjentskap.

Miljøskildring – 8
Eit grått og regnfylt Glasgow, med irske innflyttarfamilier i sine grå 80-talsheimar.

Språket – 9
Enkelt og lettlest språk, med godt driv heile vegen.

Starten – 7
Det er ikkje så veldig mykje action i starten her, og det tek litt tid før ting tar seg opp. Det er grått og 80-tal, og det regnar i Glasgow.

Sidesnuing – 7
Det er ikkje dei heilt store cliffhangerane her, men somme stader, spesielt mot slutten, er det ganske spennande.

Tempo – 7
Tempoet er ganske roleg heile vegen, men det passar for så vidt historia og stemninga bra.

Forutsigbarheit – 7
Spenninga ligg i lufta, og sjølv om me kanskje kan avsløre slutten litt for tidleg, så er det framleis spennande.

Den gode kjensla – 9
Ei god bok, fyrst og fremst på grunn av den gråe skildringa av folk og by. Deretter er det spennande typar, og ei for så vidt god historie, sjølv om den manglar litt tempo. Men stemninga er det ingenting på seie på.

Avslutninga – 7
Som nemnt over, så ser ein slutten litt for tidleg, dessverre.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/07/2014 in 80-talet, barn, glasgow, journalist, mina

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: