RSS

Viveca Sten – I KAMPENS HETE

05 Aug

ikampensheteBøkene til Sten er kanskje mest kjende frå TV-serien «Mordene i Sandhamn.» Det er ikkje til å legge skjul på at me er i Camilla Läckberg/Ann Rosman-land her.

Under midtsommarfeiringa i Sandhamn vert ein ung gut drepen, samstundes som stedottera til hovudpersonen Nora Linde (som er meir sentral i TV-serien enn i akkurat denne boka) ikkje kjem heim til avtalt tid etter feiringa.

Hovudperson nummer to, Thomas Andersson kjem til Sandhamn for å løyse drapssaka, samstundes som Nora Linde og kjærasten leiter etter dottera hans.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei ung jente forsvinn, og ein død kropp dukkar opp på stranda, etter midtsommarfeiringa i Sandhamn.

Karakterane – 7
Det står at bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre, men dette er den femte boka i serien, og det er tydeleg at ein bør ha litt kjennskap til karakterane frå før. Små dryss av historia deira er ikkje nok til å gjere dei korkje spennande eller interessante. Rikmannsungdommane og foreldra deira er OK, men me vert heller ikkje skikkeleg kjende med dei.

Miljøskildring – 8
Stemningsfullt frå skjergards-Sverige.

Språket – 9
Lettlest og enkelt.

Starten – 7
Historia vert sett tidleg, og er ganske spennande frå starten av.

Sidesnuing – 7
Ein kjem ikkje heilt inn i denne historia, men sidene er såpass lettleste, og historia så overfladisk og enkel, at det virkar som om sidene flyg.

Tempo – 8
Det er bra driv heile vegen.

Forutsigbarheit – 7
Det er oppskriftsmessige vriar og vendingar, og det er ikkje lett å vite kven som har gjort kva. Men dessverre er dei store linjene i historia veldig forutsigbare.

Den gode kjensla – 6
Det er ikkje ei dårleg bok, det er berre at den er litt kjedelig, overfladisk, med ei kjensle av samlebandskrim. Det er kanskje urettferdig overfor Sten å seie at boka er altfor lik Läckberg sine, som etter kvart kjendes som same historia opp igjen, med ny innpakning. Karakterane, historielinjene, konfliktene, til og med delar av dialogen virkar heilt likt.

Avslutninga – 7
Litt lettvint og skuffande i forhold til resten av boka.

TOTAL: 7,3

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/08/2014 in politi, sandhamn, skjergard, sten, sverige

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: