Denne gongen vert William Wisting suspendert på grunn av mistanke om fikling med bevis i ei 17 år gammal sak.
Rudolf Haglund har site i fengsel for bortføringa og drapet på den unge jenta Cecilia Linde. Men no ser det ut til at han vart dømt fordi nokon planta bevis.
Wisting prøver å finne ut av saka medan han er suspendert, medan dottera Line hamnar midt oppe i ei drapssak i Fredrikstad.
(2012)
Vurdering:
Plottet – 8
Nye opplysningar i ei gammal forsvinning- og drapssak gjer at Wisting vert suspendert, mistenkt for å ha tukla med bevisa. Og midt opp i det heile forsvinn ein ny person, som minner veldig om den gamle saka.
Karakterane – 8
Etter kvart har me vorte godt kjende med karakterane til Lier Horst, gjennom sju bøker. Hovudpersonen held fram med å utvikle seg, og dottera Line kjem verkeleg til sin rett i denne boka. Samstundes er gamle kolleger som Audun Vetti og Finn Haber framleis spennande.
Miljøskildring – 8
Denne gongen er me ikkje berre i Stavern/Larvik-området, men også ein del i Oslo og i Østfold. Miljøet skildra greit, sjølv om det ikkje er det som ein legg mest merke til i denne boka.
Språket – 10
Vert berre betre og betre. Rask, lettlest og spennande språk.
Starten – 8
To historier i starten, ei med Line og ei med Wisting, gjer at me vert kasta rett utpå djupet her.
Sidesnuing – 9
Etter kvart som me kjem i gong, er denne boka svært vanskeleg å legge frå seg.
Tempo – 9
Det skjer noko så og seie heile tida.
Forutsigbarheit – 8
Ein gjettar tidleg kva som kan ha skjedd, men vert stadig overraska over vendingane historia tek.
Den gode kjensla – 9
Dette er nok definitivt den beste boka om William Wisting så langt. Den er breiare, meir grundig og meir variert enn dei tidlegare bøkene, og svært spennande. I tillegg skriv Lier Horst så truverdig om politiyrket at ein får ei heilt anna kjensle enn hos mange andre krimheltar.
Avslutninga – 9
Det er spennande heile vegen ut, sjølv om tankane går litt til Harry Hole mot slutten her.
TOTAL: 8,6