RSS

Agatha Christie – MYSTERIET PÅ MONTE CARLO-EKSPRESSEN

08 Sep

montecarloekspressenEin av dei bedre Poirot-klassikarane.

Ei rik, ung kvinne vert drepen på Monte Carlo-Ekspressen, Det Blå Tog, og fleire med gode motiv dukkar etter kvart opp på toget.

Poirot er sjølvsagt ombord, og gir politiet ei hjelpande hand.

(1928)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung, amerikansk rikmannsdotter er på veg frå London til den franske rivieraen. Men undervegs møter ho nokon, sender assistenten sin av toget i Paris, og vert seinare funnen død i kupeen sin. Det viser seg at både ein forsmådd mann og ein gammal elskar har vore på toget.

Karakterane – 8
Det meste krinsar rundt Poirot, men han er som vanleg omgitt av spennande karakterar, frå den nyrike Katherine Grey, til juvelhandlaren Papopolous og overklassekvinna Lady Tamplin med dotter.

Miljøskildring – 9
Agatha Christie, Poirot og tog. Det er all stemninga du treng.

Språket – 8
Bra og enkelt til å vere ei bok som fyrst vart oversett til norsk på 50-talet.

Starten – 8
Ein spennande start, som bygger relasjonar mellom karakterane, fram til togturen.

Sidesnuing – 8
Ei spennande bok, som er vanskelegare å legge frå seg enn mange andre Poirot-bøker. (Sjølv om du har sett episoda på TV)

Tempo – 8
Bøker frå 1920-talet er nok ikkje mest kjende for å ha eit voldsomt tempo, men her skjer det ting heile vegen, og det er sjeldan kjedelig.

Forutsigbarheit – 8
Me kokar oss kjapt ned til nokre få kandidatar, men igjen er det spennande heile vegen, og ein del overraskande vendingar.

Den gode kjensla – 8
Ein god Poirot-krim, kanskje ein av dei aller beste.

Avslutninga – 8
Spenning held seg heilt til me er i mål, og boka vert runda av på ein akseptabel måte.

TOTAL: 8,1

 
3 kommentarar

Posta av den 08/09/2014 tommar 20-talet, christie, detektiv, england, frankrike, poirot, tog

 

3 responses to “Agatha Christie – MYSTERIET PÅ MONTE CARLO-EKSPRESSEN

  1. Oddbjørn Mantor

    30/09/2021 at 13:30

    Offisielt oversatt av Eva Borgen, men i følge sønnen Jørgen var det hans far Aksel Sandemose som gjorde oversettelsen. Dette fremgår av Jørgen Sandemoses omstridte biografi om sin far.

     
    • mwn77

      21/02/2022 at 14:00

      En morsom funcact 🙂

       

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.