RSS

James Patterson & David Ellis – MISTRESS

22 Sep

mistressRett etter å ha installert overvakningsutstyr i leiligheita til ei venninne, vert Ben Casper vitne til at venninna ramlar ut frå balkongen sin og styrtar i asfalten. Hoppa ho, eller var det nokon som dytta henne?

Ben prøver å finne ut av det, og vert forsøkt drepen umiddelbart.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei ung kvinne ramlar i døden frå balkongen sin. Hoppa ho, eller vart ho dytta? Ein nær venn av henne byrjar sjå nærare etter, og finn seg sjølv plutseleg i livsfare.

Karakterane – 7
Hovudpersonen Benjamin Casper er ein slags allvitande, trivia/filmnerdete journalist som utviklar seg som ein slags superhelt i løpet av boka. Ein spennande type, med ei stor samling mindre bikarakterar rundt seg.

Miljøskildring – 7
Washington DC gjennom augene på Ellis og Patterson. Sjarmerande og spennande.

Språket – 9
Fartsflyt, lettlest og effektivt.

Starten – 8
Dette er Hollywoodaction heilt frå starten av.

Sidesnuing – 8
Boka vert vanskelegare og vanskelegare å legge frå seg til lenger ut du kjem.

Tempo – 8
Til tider er det heseblesande, men totalt sett er det bra driv gjennom heile boka.

Forutsigbarheit – 7
Det er kanskje vanskeleg å gjette kven og kva her, men likevel er det noko som skurrar litt i denne kategorien.

Den gode kjensla – 7
Ei god bok, spennande, bra tempo, mykje action, men kanskje litt for overfladisk og litt for urealistisk, sjølv for ein Hollywoodaction?

Avslutninga – 7
Den tempofyllte og spennande oppbygginga når ikkje heilt det klimaks ein forventar undervegs. Men likevel ein ok slutt.

TOTAL: 8,1

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: