RSS

Stein Morten Lier – BIZNIZ

27 Sep

biznizEin nordmann vert funnen drepen ombord på ein oljetankar utanfor India. Det viser seg at han er eit vitne i ei stor narkotikasak. Anka Volden, frå voldsavsnittet i Oslo vert saman med kollegaene sendt ombord i skipet.

I Oslo planlegg russiske kriminelle, ved hjelp av norske finansfolk, eit norsk 9-11, og Anka Volden og ein VG-journalist kjem midt oppi planlegginga.

(2011)

Vurdering:

Plottet – 7
Russiske skurkar planlegg eit terrorangrep på Oslo, ved hjelp av ein norsk finansakrobat.

Karakterane – 7
Anka Volden, som er hovudperson her, har også vore det i to tidlegare bøker som eg ikkje har lese. Fleire av karakterane her er også kjende frå dei bøkene, men likevel kjem ein greit inn under huda på dei fleste av dei i løpet av boka. Men dei vert truleg meir spennande når ein har lese dei to andre bøkene på førehand.

Miljøskildring – 7
Volden tek oss med til dei dystrare delane av Oslo, utan at miljøskildringa er det ein legg mest merke til her.

Språket – 8
Litt opp og ned, men stort det er det fin flyt. Dialogen flyt bra, men somme tider stoppar det litt opp.

Starten – 7
Ombord i ein båt i Indiahavet, pensar boka oss inn på eit heilt anna spor enn der me endar. Ikkje noko gale i det, men starten er kanskje litt langdryg og seig.

Sidesnuing – 8
Boka er enkel å legge frå seg i starten, men utover vert den meir og meir avhengigheitsskapande.

Tempo – 8
Ganske bra driv i historia, men av og til vert det litt mykje ord, og lite handling. Heldigvis er det mest av fyrstnemnte.

Forutsigbarheit – 7
I og med at me følgjer både politiet og skurkane her, så heng me bra med på kva som skal skje. Dessverre klarer ikkje Lier å overraske oss nok mot slutten.

Den gode kjensla – 7
Ei spennande bok, kanskje så nært ein kjem ein actionthriller frå Hollywood i Oslo, men boka har nokre svake strekk, og sjølv om skurkane er harde og rå, så sit ein igjen med ei kjensle av at hovudpersonen Volden er litt for vanskeleg å få has på.

Avslutninga – 7
Eit lite antiklimaks. Skulle gjerne vorte litt meir overraska her.

TOTAL: 7,3

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/09/2014 in lier, norge, oslo, politi, russland, terror

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: