RSS

Yrsa Sigurdardottir – ASKE

07 Okt

askeI 1973 var det eit stor vulkanutbrot på Vestmannaeyjar, noko som gjorde at folk som budde der vart evakuerte. Mange av dei kunne ikkje flytte tilbake til heimane sine, og mange av husa står framleis tomme når arkeologar byrjar grave i dei tidleg på 2000-talet. Ein av huseigarane krevjer å få hente ei eske i kjellaren før arkeologane går inn. Han mister eska, og ut trillar eit menneskehovud.

Det viser seg at det er tre lik til i kjellaren, som eigaren, Markus Magnusson, meiner ikkje var der då familien flykta frå vulkanen.

Advokaten Thora er Markus´ advokat, og då politiet virkar bestemt på at han har gjort det, vert det opp til henne å finne sanninga.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 8
Tre lik og eit hovud i ei øskje dukkar opp i ein kjellar som har stått nedstøva av aske i over 30 år.

Karakterane – 8
Thora Gudmundsdottir er med både i Den som graver en grav (2006) og Dødsskipet (2011). Ho er åleinemor med stor familie. Magnusson-familien er også spennande, og det er fleire interessante karakterar i det vesle øysamfunnet.

Miljøskildring – 9
Svært stemningsfullt rundt den vesle fiskebyen.

Språket – 8
Stort sett bra, med bra flyt og bra driv.

Starten – 8
Spennande heilt frå starten av.

Sidesnuing – 9
Etter ørlite dødtid etter ein god start, så er denne boka veldig spennande heile vegen ut.

Tempo – 8
Det er bra driv i historia heile vegen. Ikkje mange stadene det luggar, og notid og historie vert fletta veldig bra saman.

Forutsigbarheit – 7
Veit ikkje om det er bevisst eller ikkje, men ca 200 sider før slutt, skjønar du det meste. Kven som har gjort kva vert ikkje avdekka før heilt til slutt, men heile tråden i historia vert avslørt her. Litt skuffande, og kan heller ikkje heilt tru at forfattaren har oversett kor avslørande eit par av opplysningane som kjem fram er.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande og ikkje minst stemningsfull bok. Heilt oppe med dei beste nordiske bøkene når det gjeld miljø og stemning. I tillegg er historia spennande, og det skjer mykje.

Avslutninga – 8
Ein god slutt, som er eit plaster på avsløringane litt tidlegare i boka.

TOTAL: 8,1

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/10/2014 tommar 70-talet, advokat, island, sigurdardottir

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: