RSS

Agatha Christie – ETTER BEGRAVELSEN

08 Okt

etterbegravelsenFamilien er samla etter gravferda til Richard Abernethie, og stemninga er heilt ok, då ei av niesene hans plutseleg seier at ho reknar med dei ikkje skal fortelje nokon at han vart myrda.

Advokaten til familien vert sett til å finne ut av saka, og det undrast på om det kan ha noko med testamentet til Richard, som nettopp vart endra, å gjere.

Etter at advokaten har gjort det han kan, sender han bud på sin gamle venn, Hercule Poirot.

(1953)

Vurdering:

Plottet – 8
Niesa Cora Lansquenet plumpar ut med at ho trur det er allemannskunnskap at onkele har vorte myrda. Dei andre slektningane er sjokkerte, men får advokaten til å finne ut om det er noko i det.

Karakterane – 8
Her fylgjer me familia til Richard Abernethie ganske lenge før Poirot kjem inn i biletet, så me vert godt kjende med dei. Både den eldre garde, og dei unge niesene og nevøen, samt nokre av tjenarane. Eit breidt og fint galleri.

Miljøskildring – 8
Slik du kjenner Poirot frå skjermen.

Språket – 8
Boka er gammal, men språket held seg bra. Sjølvsagt litt omstendelig til tider med den gamle detektiven, men likevel ikkje altfor prega av tidas tann.

Starten – 7
Bortsett frå at Cora avslører at ho trur onkelen er myrda, er det litt tamt og langsomt i byrjinga.

Sidesnuing – 7
Det er mykje cliffhangerar og til dels spennande strekk, men det fins også lenger perioder der det ikkje skjer altfor mykje. Det vert bedre mot slutten.

Tempo – 7
Litt som over. Av og til skjer det mykje på ein gong, fleire stader, mens andre gonger står det stille både her og der.

Forutsigbarheit – 8
Så og seie alle involverte i boka, er på eit eller anna tidspunkt ein potensiell skuldig, men kven som er den rette, er ikkje så godt å seie, sjølv om det kjem fleire hint undervegs.

Den gode kjensla – 9
Dette er vel ei av dei mest spennande Poirot-bøkene, i alle fall den med mest omfattande plott og persongalleri. Ein god, gammaldags britisk krim, akkurat slik dei skal vere.

Avslutninga – 8
Poirot samlar alle i den store stova og fortel korleis ting heng saman. Og alle detaljar og lause trådar er forklart mykje bedre her enn i mange andre Poirot-historier.

TOTAL: 7,8

Advertisements
 
 

One response to “Agatha Christie – ETTER BEGRAVELSEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: