RSS

Agatha Christie – FEM SMÅ GRISER

04 Nov

5smågriserMalaren Amyas Crale vert forgifta og drepen av kona si, Caroline, etter at han har kunngjort at han skal forlate henne for den unge modellen Elsa Greer. Caroline døyr seinare i fengselet. 16 år seinare, kjem dottera deira, Carla Lemarchant til Poirot, med eit brev mora har skrive til henne, der ho fotel at ho er uskuldig. Ho ber Poirot kome til bunns i saka.

Ei spesiel Poirot-historie, der han må løyse ei gammal sak, berre ved hjelp av forteljingane til dei fem som var til stades den dagen. Me får høyre fem forskjellige versjonar av same historie, noko som, så vidt eg veit, er den einaste gongen det grepet har vorte brukt i Poirot.

(1942)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert drepen av kona si, og ho går gjennom heile rettsaka utan å prøve å reinvaske seg. 16 år seinare får dottera hennar eit brev frå henne, der ho skriv at ho er uskuldig. Kan Amyas Crale ha teke livet av seg sjølv, eller kan ein av dei fem andre som var på staden ha gjort det?

Karakterane – 8
Poirot kjenner dei fleste til, og her er han på sitt aller beste. Spennande karakterar i både Blake-brødrene, og fristerinna Elsa Greer.

Miljøskildring – 8
Erkebritisk og stemningsfullt.

Språket – 8
Som så mange gonger før, så skulle ein ikkje tru at dette er ei bok som er over 70 år gammal.

Starten – 7
Ein spennande start, som set rammene for ei god historie.

Sidesnuing – 7
Det at samme historia vert fortalt opp att fem gonger, og ikkje alltid i så veldig forskjellige versjonar, gjer at det kan gå litt sakte somme tider.

Tempo – 7
Sjå forrige punkt. Det går litt i rykk og napp, men i og med at me går gjennom same historia såpass mange gonger, kjennes det litt som om forteljinga står litt stille.

Forutsigbarheit – 7
Det er fem kandidatar her. Brødrene Phillip og Meredith Blake, henholdsvis meglar og hobby-farmasøyt (det var han som har laga giften Amyas Crale drakk), Elsa Greer, som står modell for Amyas. Så er det barnepika Cecilia Williams og Angela Warren, den yngre systra til Caroline, som var ei skulejente den gongen. To av kandidatane skil seg ganske tidleg ut, og sjølv om ein prøver å inkriminere alle, så er det nok dei to det står mellom.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande bok, solid og omfattande, men litt tung i og med at den går så mange runder rundt den velkjende grauten.

Avslutninga – 8
Klassisk Poirot, med alle aktørane samla i same rommet. Poirot fortel at ALLE kunne ha gjort det, og antydar at dei fleste har gjort det, før han endar på den skuldige.

TOTAL: 7,6

 
Éin kommentar

Posta av den 04/11/2014 in 20-talet, christie, detektiv, england, gift, poirot

 

One response to “Agatha Christie – FEM SMÅ GRISER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: