RSS

Ian Rankin – THE BLACK BOOK

09 Nov

blackbookEin mann vert slått ned utanfor ei slaktarforretning i Edinburgh. Seinare vert politimannen Brian Holmes slått ned utanfor ein kafé.

John Rebus byrjar grave i ei gammal sak, og Siobhan Clarke jobbar med ei overvaking av eit taxikontor.

Etter kvart vert dei fire sakene meir og meir knytt til kvarandre, og knutepunktet viser seg å vere storskurken Big Ger Rafferty.

(1993)

Vurdering:

Plottet – 7
Rebus byrjar leite i ei gammal sak, ein brann på det gamle Central Hotel, der eit uidentifisert lik dukka opp. Vedkomande hadde vorte skoten før brannen, og ingen ser ut til å vite kven dette var.

Karakterane – 8
Rebus er ein bauta innan krimlitteraturen. Her vert ei ung Siobhan Clarke introdusert, og Big Ger Cafferty er ein solid bad-guy. Me vert også bedre kjent med broren til Rebus, som flyttar inn i leiligheita hans.

Miljøskildring – 9
Det er ikkje noko å seie på skildringa av Edinburgh og omegn.

Språket – 8
Det glir lett og enkelt stort sett heile vegen.

Starten – 7
Fleire forskjellige historier vert sett i gong på kort tid, og sjølv om ikkje alle er like spennande, så er det nok å henge med på.

Sidesnuing – 7
Rebus går mange runder for å finne svara her, og det er mange blindvegar etter kvart. Til tider kan det gå litt sakte.

Tempo – 7
Det går sakte framover, men dette er ikkje den mest temposterke av Rebus-forteljingane.

Forutsigbarheit – 7
Dette er ei klassisk historie der ein anar konturane av kva som vil skje veldig tidleg, så det er kanskje ikkje så mange veldig overraskande vendingar.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt grei bok, men på langt nær den beste i denne serien.

Avslutninga – 7
Rebus får bydd på seg sjølv, som den utspekulerte typen han er på slutten her.

TOTAL: 7,4

 

One response to “Ian Rankin – THE BLACK BOOK

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: