RSS

Jørn Lier Horst – HULEMANNEN

17 Nov

hulemannenEin av naboane til Wisting vert funnen død i heimen sin. Han har site der i 4 månader før nokon finn han. Line Wisting, journalist i VG, bestemmer seg for å skrive ein featurereportasje om einsemd, på bakgrunn av dette.

Samstundes dukkar eit nytt lik opp. Dette vert funne under eit tre i skogen, og analyser fører til ein ettersøkt mann. Ein svært ettersøkt mann, faktisk. Langt oppe på FBI si «Most Wanted»-liste. Så er spørsmålet; kva i granskauen gjorde han under eit juletre i vesle Norge?

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein mann vert funnen død under eit juletre. Mykje tydar på at han er etterlyst internasjonalt. Kva gjer han her?

Karakterane – 9
William Wisting og dottera Line er dei mest sentrale her. Hammer, Borg og dei andre frå teamet er også med, men litt meir i bakgrunnen denne gongen. Typane rundt den døde naboen er også spennande, einsomme sjeler.

Miljøskildring – 8
Fin og stemningsfull skildring av områda rundt Stavern og Larvik.

Språket – 10
Enkelt og greit, frå start til slutt.

Starten – 8
Mykje etablering til å byrje med, men spenninga vert satt relativt tidleg.

Sidesnuing – 9
I og med at me har ei ganske spennande B-historie, med dottera Line og hennar reportasje om einsemd, så vert det tett mellom cliffhangerane.

Tempo – 9
Fart og framdrift heile vegen.

Forutsigbarheit – 8
Ein får ganske klare indikasjonar på kvar denne historia endar, ganske tidleg. Likevel klarer Lier Horst å halde det spennande heile vegen.

Den gode kjensla – 9
Ei spennande og solid bok, sannsynlegvis den aller beste av Lier Horst så langt.

Avslutninga – 8
Eit par av tvistane her er kanskje litt overfladiske, men det er også noko av det einaste som trekk ned i denne boka. Ellers er slutten både spennande og til dels actionprega.

TOTAL: 8,6

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: