RSS

Robert Wilson – ONDSKAPENS KYST

03 Des

onsdkapenskystDenne boka er den fjerde og siste i serien om Bruce Medway, brite som bur i Benin i Vest-Afrika.

Han vert tvinga til å ta på seg eit oppdrag for ein italiensk mafiaboss; å finne og drepe franskmannen Jean-Luc Marnier. Parallellt med dette får Medways gamle kompanjong, politimannen Bagado i oppgave å finne unge skulejenter som har forsvunne i byen Cotonou.

Medan Medway rotar seg djupar inn i løgner og problem for å berge sitt eige liv, kjem Bagado ingen veg i jakta på jentene.

(1998)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein slags privatdetektiv rotar seg bort i ei sak han må takke ja til for å berge sitt eige liv. Han vert pressa frå begge hald, og prøver samstundes å hjelpe ein gammal ven med ei sak.

Karakterane – 8
Mange spennande, mørke skurkar. Det er Bruce Medway me følgjer tettast, saman med Jean-Luc Marnier, og kona hans.

Miljøskildring – 10
Kanskje Robert Wilson sin aller største styrke. Dei fleste av Sevilla- og Lisboabøkene vert jo løfta av dei fantastiske skildringane av by og omegn, og omtalen av Benin og Nigeria står ikkje tilbake for nokon av dei andre bøkene.

Språket – 8
Enkelt og greit. Bra driv, og få støtteskjer. Spesielt når Wilson skriv om mat og drikke, er han ganske unik i krimsamanheng.

Starten – 7
Ein del etblering i starten, og den store spenninga kjem nok ikkje før litt lenger ut i boka.

Sidesnuing – 7
Det er mykje informasjon, og det går litt seigt, så det er litt langt mellom cliffhangerane. I alle fall før me byrjar å nærme oss slutten.

Tempo – 7
Det er bra driv, som nevnt, men likevel ikkje heseblesande. Wilson tek seg god tid til å fargelegge kvar einaste scene, så det kan av og til kjennast som me stoppar litt opp.

Forutsigbarheit – 7
No er dette kanskje meir ein thriller enn ein krim, sånn sett, så det og gjette korleis det ender er kanskje ikkje noko ein gjer i denne boka.

Den gode kjensla – 7
Ei spennande bok, ganske omfattande, og med eit glimrande bilete av Wilson sitt Benin. Men det går litt for sakte til å la seg rive heilt med her.

Avslutninga – 7
Avslutninga er ingen nedtur i forhold til resten av boka, men heller ingen eksplosjon av drama og vendingar.

TOTAL: 7,5

Registreringslink for Blogg

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/12/2014 in afrika, barn, kidnapping, wilson

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: