I ein liten kystby på Island, fryktar det lokale politiet at ein pyroman er på ferde.
Hjelp vert tilkalla frå hovudstaden, og det byrjar snart å danne seg eit mønster, der familier vert sett opp mot kvarandre.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 7
Fleire hus brenn uforklarleg ned i Seydisfjord, og politiet mistenker at ein pyroman kan vere på ferde, i ei bygd der alle kjenner alle.
Karakterane – 7
Karakterane er greie, utan å vere korkje særleg originale eller minneverdige.
Miljøskildring – 8
Miljøskildringa er noko av det som gjer historiene til Arnaldur Indridason og Yrsa Sigurdardottir ekstra spesielle, og i samanlikning med dei, bleiknar nok denne litt. Men likevel teiknar Stefansson eit fint bilete av ei grå og «vanleg» bygd.
Språket – 8
Relativt lettlest og greit, utan å briljere. Det går litt trått visse stader, og framdrifta kunne vore bedre.
Starten – 7
Ein litt seig start, der ting er litt uklare, og ein håper at historia skal ta litt bråare vendingar.
Sidesnuing – 6
Det tek dessverre aldri heilt av her. Det er spennande til tider, men ein sit heile tida og tenker at det er noko uforløyst, som kanskje kan kome neste gong ein åpnar boka. Men oftast vert du skuffa.
Tempo – 7
Det er ikkje heseblesande, men historia krever heller ikkje eit lynraskt tempo. Likevel vert det litt treigt, alt i alt
Forutsigbarheit – 7
Nokre heilt klare favorittar dukkar tidleg opp, og sjølv om det kjem vendingar her og der, så vert dei likevel ikkje så overraskande.
Den gode kjensla – 6
Ei heilt grei bok, men den fenger ikkje så altfor mykje, og ein vil gjerne kome bedre inn i historia. Og så er det denne kjensla av å site og vente på noko som aldri kjem.
Avslutninga – 7
Avslutninga trekk i alle fall ikkje ned.
TOTAL: 7,0