RSS

Harlan Coben – SAVNER DEG

05 Apr

SavnerDegEtterforskaren Kat Donovan vert kontakta av ein ung gut, som meiner mora hans har forsvunne mot si vilje. Ho har reist bort med ein mann ho har treft på nettet, og han meiner noko er gale.

Kat vert, delvis mot si vilje, meldt på ei nettdatingteneste, og treff der ein gammal flamme, som forlot henne for 18 år sidan.

Fleire historier vert fletta inn i kvarandre, i ei spennande og heseblesande forteljing.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein NYPD-etterforskar vert kontakta av ein gut som ikkje vert teken på alvor i sitt eige politidistrikt, og Kat Donovan har litt vanskeleg for å kjøpe historia hans sjølv.

Karakterane – 9
Karakterar er jo ein av dei absolutte styrkane til Coben, og både Kat, vennane, skurkane og kollegaene er spennande typer som gir mykje.

Miljøskildring – 8
Både skildringa av byen om dei omkringliggande områda er stemningsskapande her.

Språket – 9
Sjølv om det er mykje informasjon som skal inn i bøkene til Coben, så vert det lite utanomsnakk, og språket flyt fint og driv historia framover.

Starten – 8
Starten er kanskje litt seig, og ein lurer litt på når me skal kome i gong. Men det varer ikkje lenge.

Sidesnuing – 8
Litt treigt i starten, men når me er i gong, så er me i gong.

Tempo – 8
Bra driv og framgong gjennom heile boka.

Forutsigbarheit – 8
Her får me konstante drypp frå begge sider av saka, så me veit stadig meir enn etterforskaren, men likevel får Coben det spennande heilt til slutten.

Den gode kjensla – 8
Ei spennande og grundig bok, og som så ofte med Coben, så sit ein igjen med ei kjensle av at ein vil lese meir om disse karakterane.

Avslutninga – 8
Heilt på høgde med nivået i resten av boka. Spennande og fartsfull.

TOTAL: 8,1

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/04/2015 tommar coben, forsvinning, kidnapping, new york, politi, usa

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.