RSS

Kjell Ola Dahl – DEN FJERDE RANEREN

07 Apr

denfjerderanerenUnder ein politiaksjon, hjelp etterforskar Frank Frølich ei kvinne som rotar seg bort i aksjonen. Kort tid etter innleier dei to eit forhold, før Frølich finn ut at ho er søstera til ein kjend kriminell.

Når broren vert mistenkt i ei sak dei ein ung vaktmann vert drept, vert Frølich sitt forhold til kvinna endå meir komplisert.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein ung vaktmann vert drept, og den hovudmistenkte er bror til ei kvinne som akkurat har innleia eit forhold til politietterforskar Frank Frølich.

Karakterane – 7
Den hardbarka duoen Frølich og Gunnarstranda virkar litt 80-tals-over-the-top, men det er ikkje noko i vegen med det. Ellers eit breitt galleri, men ikkje så mange minneverdige karakterar.

Miljøskildring – 7
Oslo og Valdres/Hemsedal står sentralt, og Dahl vevar eit fint geografisk bakteppe her.

Språket – 7
Nokre stader går det litt i stå, og det er mykje tomprat, men forholdsvis lettlest og greit for det meste.

Starten – 7
Starten er grei den, men ikkje alt for spennande. Men dette er ei bok som vert bedre og bedre for kvar side.

Sidesnuing – 8
Når ein er i gong her, så er dette ei bok som er vanskeleg å legge frå seg. Den aukande spenninga og den stadige forviklinga av ei i starten ganske grå historie, er svært imponerande.

Tempo – 8
Det vert bedre og bedre til lenger ut i boka me kjem. Det er til tider hektisk, og mykje som skjer på ein gong.

Forutsigbarheit – 9
Dette er nok styrken til denne boka. Det svingar til stadigheit, og ein veit aldri heilt sikkert kvar me er på veg.

Den gode kjensla – 8
Ei bok der forventningane kanskje ikkje var så høge, men som etter ein litt forventa start verkeleg tok seg opp, og vart veldig bra.

Avslutninga – 8
Spennande og fartsfull ende på visa.

TOTAL: 7,6

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/04/2015 in dahl (kjell ola), norge, oslo, politi, ran

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: