RSS

Åsa Larsson – ET OFFER TIL MOLOK

03 Mai

EtoffertilMolokEin stor bjørn vert felt og inne i bjørnen finn dei restar av eit menneske. Litt seinare vert ei kvinne brutalt drepen i same området, og barnebarnet ser ut til å ha overlevd angrepet fordi han har gøymd seg.

Rebecka Martinsson byrjar å sjå på saka, og finn ut at veldig mange i familien til drapsofferet har døydd på ukjent vis, eller vorte drepne. Barnet Marcus er den einaste som er igjen i familien, og no virkar det også som om nokon prøver å drepe han.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei kvinne vert brutalt drept, og nokon har skrive «Hore» på veggen i huset hennar. Barnebarnet Marcus gøymer seg i ei leikehytte i hagen, og unnslepp drapsmannen.

Karakterane – 9
Eit breitt og flott galleri. Politikorpset er såpass stort at ikkje alle får plass i denne boka, men blandinga av lokale heltar, dumme sjefar, valdsmenn, hyggelige gamlingar og traumatiserte barn er veldig bra.

Miljøskildring – 10
Eit vinterdekt nord-Sverige, samt eit kaldt og herja Kiruna for 100 år sidan, er meisterleg skildra.

Språket – 9
Lettlest og enkelt språk. Effektivt og drivande.

Starten – 7
Kanskje den delen av boka som er minst spennande, med ein del etablering og litt indre maktkamp i politiet. Men likevel ikkje dårleg.

Sidesnuing – 8
Mot slutten er det nærast umulig å legge boka frå seg. Midtvegs, og litt i starten, er det litt mindre spennande. Blant anna er det ei sidehistorie frå Kiruna på starten av 1900-talet, som vert litt mindre spennande midt i, men tek seg overraskande opp igjen seinare.

Tempo – 8
Tempoet og drivet er bra stort sett heile vegen. Det at det er to parallelle historier hjelp på, og gjer at det er ganske spennande meir eller mindre heile tida.

Forutsigbarheit – 9
Det tok litt tid før brikkane datt på plass her, så det vert pluss i boka på dette punktet.

Den gode kjensla – 9
Ei stemningsfull og spennande bok, med eit interessant persongalleri. Den forrige boka til Larsson, Til Din Vrede Går Over var også bra, men denne er fleire hakk over.

Avslutninga – 8
Spennande og actionfylt, om enn noko brå.

TOTAL: 8,5

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: