RSS

Cilla & Rolf Börjlind – SVART DAGGRY

20 Mai

svartdaggry1Ei lita jente vert drept i Skåne, og litt seinare vert eit nytt drap begått i Stockholm, som liknar veldig.  Politiet mistenker kjapt rasistiske motiv.

Oliva Rønning og Mette Olsäter jobbar på kvar si av disse sakene, medan Tom Stilton får ei bok med utklipp frå ei gammal sak han jobba på, og aldri fekk løyst.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit barn vert drept i sandkassa utanfor huset sitt, medan bestemora er inne og tek ein telefon. Litt seinare vert ein annan person drepen på same måte. Mette Olsäter vert sett på saka, og det går ikkje lenge før Olivia Rönning også er involvert.

Karakterane – 8
Ein samla gjeng som ein etter kvar har vorte godt kjent med. Tom Stilton er vel den mest spennande av dei framleis, men det dukkar også opp eit par nye friske typar.

Miljøskildring – 8
Handlinga går føre seg i Skåne og Stockholm, men det er nok ikkje miljøskildringa ein sit igjen med etter å ha lest denne.

Språket – 8
Oppskriftsmessig og lettlest, kanskje til tider litt for enkelt? Ein får litt kjensle av manglande orginalitet, og at historia er bygd etter ein tidlegare suksessformel.

Starten – 8
Spennande og rå start. Det er ikkje mange bøker som startar med at eit barn vert brutalt drept.

Sidesnuing – 9
Vert vanskeligare å legge frå seg til lenger ut ein kjem. Ei svært lesbar bok.

Tempo – 8
Det er litt varierande fart i historia, men stort sett er drivet bra. Ein tenker ikkje at dette ikkje går framover nokon stad.

Forutsigbarheit – 8
Mistanker rettar seg tidleg i ei retning, deretter er me som vanleg innom ein del andre mulege gjerningspersonar. Ganske standard oppsett, men likevel litt overraskande.

Den gode kjensla – 9
Ei god bok, lettlest og spennande, og ein historiemessig stor opptur etter bok nummer to, Den Tredje Stemmen. Måten boka er skriven på er kanskje litt meir formelaktig denne gongen, og trekk litt ned. Fortsatt langt unna debutboka, Springflo, men likevel svært bra.

Avslutninga – 8
Spennande, fartsfyllt og oppsummerande. Ingen lause trådar.

TOTAL: 8,2

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: