RSS

Jørgen Jæger – RIDDERKORSET

07 Jun

ridderkorsetEin ung gut vert funnet død på fjellet ved den fiktive bygda Fjellberghavn. Ting tyder på at barnet har falt frå ei høgde.

Omtrent samstundes vert ein verditransport rana, og ein vektar drepen. Eigaren av vektarselskapet, og sambuar til politibetjent Cecilie Hopen, overlever så vidt.

Dette er fyrste møte med denne forfattaren, og boka traff nok ikkje heilt blink.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein ung gut vert funnen død på fjellet, utan å ha vore meldt sakna. Guten er naken og ber preg av å ha ramla frå ei høgde. Samstundes vert ein verditransport rana i sentrum, og politibetjent Cecilie Hopen vert direkte involvert.

Karakterane – 3
Dette er nok den delen som falt minst i smak. Ingen av karakterane har eigenskaper som ikkje vert annonsert før me treff på dei. Ingenting vert avslørt gjennom å verte kjende med karakterane, dei kunne like godt gått med store plakatar hengande rundt halsen, med alle karaktertrekk påskrive.

Miljøskildring – 7
Handlinga går føre seg i ei fiktiv bygd/by, ein stad på vestlandet, som vert framstilt på ein både idyllisk og levande måte. Litt vanskeleg å setje seg inn i kva som er kvar, sidan det er mange stadsnamn utan at geografien vert heilt forklart.

Språket – 5
Lettlest, men dette med overforklaring av alt trekk ned inntrykket.

Starten – 7
Ein heilt grei start, som vert litt hemma av ein altfor detaljer presentasjon av alle ein støter på.

Sidesnuing – 7
Når ein kjem litt ut i boka, og alle er presenterte, så blir det faktisk litt spennande, og dei siste 50-60 sidene går ganske fort unna.

Tempo – 8
Dette er kanskje den største styrken til boka. Ting skjer heile vegen, og handlinga går framover.

Forutsigbarheit – 7
Utan å avsløre for mykje, så er det litt for lett å sjå for seg kva som har skjedd.

Den gode kjensla – 5
Det er for mange ting som luggar her. Overforklaring er nemnt, men også ein svært detaljert informasjonen om politiarbeidet, gjer at du ikkje kjøper det. Fleire gonger tenker ein at det umulig kan vere slik ting fungerer. Ting er for karikerte, for urealistiske. Så er det sjølvsagt fiksjon, men andre forfattarar prøver gjerne å unngå å gå for mykje i detalj der ein står i fare for å miste truverdigheita. Boka har også fått kritikk for å drage inn Jens Stoltenberg i ein litt eksplisitt situasjon, som for så vidt kanskje er litt i overkant, men det som skurrar mest der, er kombinasjonen av å lage ein fiktiv stad for handlinga, samt å trekke inn ekte personar såpass detaljert.

Avslutninga – 7
Som nevnt tek ting seg litt opp mot slutten, og avslutninga er ikkje så verst.

TOTAL: 6,3

Advertisements
 
Éin kommentar

Posta av den 07/06/2015 in barn, høgreekstremisme, jæger, norge, politi

 

One response to “Jørgen Jæger – RIDDERKORSET

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: