RSS

Joël Dicker – SANNHETEN OM HARRY QUEBERT-SAKEN

10 Jul

harryquebertDette er ei bok som har hausta mykje skryt, og med god grunn.

Ei spennande og solid historie, med fleirfaldige nivå, og ny informasjon som kjem for dagen på nesten annakvar side.

Den unge suksessforfattaren Marcus Goldman har skrivesperre når han skal skrive si andre bok, og reiser til sin gamle lærar og mentor Harry Quebert i New Hampshire for å få råd. Men under gravearbeid i hagen til Quebert, finn dei eit gammalt lik, som viser seg å vere ei 15 år gammal jente som forsvann midt på 70-talet. Quebert vert arrestert, mistenkt for drapet. Han innrømmer å ha hatt eit forhold til jenta, då ho var 15 og han var 34, og at hans store boksuksess, ei av landets mest selde bøker, handla om deira forhold. Men han nektar for å ha skada henne, og Goldman bestemmer seg for å hjelpe å reinvaske sin nære venn.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 9
Liket av ei 15 år gammal jente vert funnen i hagen til ein av dei største forfattarane i USA, Harry Quebert. I grava finn dei også originalmanuset til boka han vart kjent for, Det Ondes Opprinnelse.

Karakterane – 9
Dei fleste er gjennomsolide, spennande og byr på seg sjølv gjennom heile boka.

Miljøskildring – 9
Småbyidyll på kysten, nord for New York. Ein sikker stemningsskapar.

Språket – 9
Ei lettlest bok, sjølv om den går over 600 sider. Språket er enkelt og flyt fint.

Starten – 8
Action frå starten av. Her hoppar du rett inn i handlinga.

Sidesnuing – 10
Til å vere ein såpass lang krim, så held denne boka spenninga oppe på ein imponerande måte.

Tempo – 9
Det skjer ting heile tida, og Goldman finn stadig ut ting som dreg etterforskinga i rett retning. (Som politiet ikkje har klart å finne ut på over 30 år)

Forutsigbarheit – 8
Ein får tidleg mistenkte i saka, men det er så mange tvistar og vendingar at ein aldri kan vere heilt sikker.

Den gode kjensla – 8
Alt i alt ei svært god bok (men svært amerikansk på alle måtar, med tanke på at den fyrst kom ut i Frankrike), men den har nokre minus. For eksempel får hovudpersonen usannsynleg lite motstand i si etterforsking, sjølv om han er forfattar, og ikkje politi. I tillegg er det somme stader der vriane i historia virkar litt for kjende, så det virkar som du har sett dei på film eller lest det i andre bøker, og det trekk alltid ned. Mellom kapitla er det også små råd som Harry har gitt Marcus under studietida, som har litt for mykje Ole Brumm over seg.

Avslutninga – 9
Avslutninga er omtrent like storslagen som resten av historia, og byr på nye vriar og overraskingar.

TOTAL: 8,8

Reklame
 
 

One response to “Joël Dicker – SANNHETEN OM HARRY QUEBERT-SAKEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: