RSS

Tom Egeland – DEN 13. DISIPPEL

17 Jul

13disippelDen femte boka om Bjørn Beltø.

På dødsleiet fortel ei venninne om noko som skjedde under ei utgraving i Israel på 70-talet. Ein arkeolog forsvann etter at han gjorde det han sjølv meinte var eit unikt funn i ei gammal grav. Men funnstaden vart stengd av det militære straks etterpå, og ingen veit kva han fann.

Venninna til Beltø var med på utgravinga, og meiner han er den einaste som kan finne ut kva som skjedde.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein arkeologkollega fortel Beltø om ei utgraving i Israel, som regjeringa der nede har lagt lokk på sidan 70-talet. Kva skjuler seg i grava dei fann den gongen, og kva skjedde med arkeologen som gjorde funnet, som forsvann sporlaust rett etterpå?

Karakterane – 7
Beltø er ein grei karakter, den kvinnelege motparten er som den kvinnelege motparten i dei andre bøkene. Pen, smart og uoppnåeleg, men kanskje ho er litt interessert likevel?

Miljøskildring – 7
I ei hektisk bok som dette er det ikkje miljøskildring som står i fokus, men Egeland lager eit levande bilde av både Oslo og Israel.

Språket – 9
Lettlest og nærast prikkfritt.

Starten – 8
Her er det som vanleg full rulle frå startsignalet går.

Sidesnuing – 8
Sjølv om ein ofte får kjensla av at ein les den samme historia igjen, så skriv Egeland så spennande at det er vanskeleg å legge boka frå seg.

Tempo – 9
Som malen er i denne type bøker, så skjer ting i ei enorm fart, og det gjer at det sjeldan vert ei kjedelig stund.

Forutsigbarheit – 7
Forma er jo fryktelig forutsigbar, men det går framleis an å finne spenning i detaljane.

Den gode kjensla – 7
Tok egentlig ei pause etter Lucifers Evangelium, etter at Beltøbøkene vart altfor like i stilen, og rett og slett uforutsigbare og kjedelige. Denne er nok eit steg opp på nokree måter, men samstundes er den veldig lik. Den er meir spennande enn Lucifers Evangelium, men på minussida, så møter hovudpersonen nesten ikkje motstand i det heile tatt i denne boka, noko som er både litt uvanlig for denne typen bøker, og litt kjedelig.

Avslutninga – 7
Spenning og action som forventa, men ein sit kanskje og ventar på litt meir når boka er slutt.

TOTAL: 7,7

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: