Jack Reacher vert kontakta av Secret Service, som vil han skal teste kor lett det er for ein attentatmann å ta livet av visepresidenten. Reacher gjer som han får beskjed om, men mistenker at det er meir enn ein test.
Og ikkje overraskande: Visepresidenten har fått konkrete truslar. og Secret Service vil ha Reacher si hjelp til å finne ut av det.
(2002)
Vurdering:
Plottet – 8
Den amerikanske visepresidenten har fått drapstruslar i posten, men veit det ikkje sjølv. Secret Service kjem ingen veg, og må ha hjelp av Jack Reacher for å finne ut kven som står bak truslane.
Karakterane – 9
Både Jack Reacher, kollegaen hans Neagley, samt fleire av Secret Service-folka er spennande og gjennomarbeida typar.
Miljøskildring – 8
Lee Child skildrar miljøet og omgivnader på ein svært fin måte.
Språket – 9
Lettlest og knapt med noko utanomprat som ikkje har direkte med handlinga å gjere.
Starten – 8
Me går rett inn i leitinga etter Jack Reacher, som ikkje er ein enkel mann å spore opp.
Sidesnuing – 9
Mange meiner Lee Child er den aller beste til å skrive sidesnuarar og fartsulle thrillerar, og denne boka er ikkje noko unntak.
Tempo – 9
Det skjer noko heile tida, og historia går kjapt framover. Og alt som skjer har ei direktee tilnkytning til hovudhistoria.
Forutsigbarheit – 9
Det er svært vanskeleg å gjette på kva og kven i denne boka.
Den gode kjensla – 9
Ei svært god og spennande bok, der det skjer ting heile tida, i ei historia som heng veldig godt saman, og virkar veldig gjennomarbeida.
Avslutninga – 8
Spennande og fartsfull, som resten av boka.
TOTAL: 8,6