RSS

Agatha Christie – MYSTERIUM I VESTINDIA

14 Aug

mysterieivestindiaMiss Marple er på ferie i Vestindia for å slappe av, men sjølvsagt er det ikkje fred å få der den gamle kvinna ferdast.

Ein gammal skravlete major vert drepen, og kvelden i forvegen er Miss Marple tilhøyrar når han fortel om ein drapsmann som har drepe to kvinner. Han skal til å vise fram bilete av mannen, som han har på innerlomma, då han plutseleg ser noko som får han til å avslutte forteljinga, og legge vekk fotografiet. Miss Marple får ikkje med seg kva han ser, men anar sjølvsagt at forteljinga kan vere grunnen til at han vert drepen.

(1964)

Vurdering:

Plottet – 8
Den britiske fiffen er samla på eit hotell i Karibien, der ein av gjestane vert funnen død. Miss Marple er blant gjestane, og får fort mistanke som at noko ikkje er som det skal.

Karakterane – 8
Miss Marple er kjent for dei fleste, og er som alltid sjarmerande og fin. Dei andre gjestane er omtrent sånn som dei brukar å vere i Miss Marple-historiene. Faktisk så like at Miss Marple sjølv går gjennom kvar enkelt av dei og samanliknar dei med folk ho kjenner frå før, for å omtale dei.

Miljøskildring – 8
Ein kan lett sjå for seg det flotte, britiske hotellet i Karibien, der dei rike og vellukka hyggar seg.

Språket – 8
Boka har fått nokre år på baken, men driven i språket held seg likevel veldig bra i 2015.

Starten – 7
Litt etablering i starten, før me kjem til sjølve saka. Men stemningsbyggande, sjarmerande og aldri kjedelig.

Sidesnuing – 7
Det er kanskje ikkje ein sidesnuar i den forma med brukar begrepet no, men likevel ei bok med driv, som er spennande, og der ein vert sitjande og lure på kva som lurer bak neste ark.

Tempo – 8
Som nevnt over, så er dette ei bok, som til å vere frå 1964, held bra framfrift og tempo, og det er sjeldan stille stunder i handlinga.

Forutsigbarheit – 7
Ein klassisk «kven-har-gjort-det»-krim som denne har nok ikkje forutsigbarheita som sin største styrke, men likevel er det ikkje berre berre å gjette kven som er den skuldige heilt utan vidare.

Den gode kjensla – 8
Ei stemningsfull og fin bok, som gir den rette britisk-krim-kjensla, sjølv om det kanskje ikkje er den beste Miss Marple-historia, så hamnar den godt oppe på lista.

Avslutninga – 7
Ikkje noko fyrverkeri kanskje, men Miss Marple nøstar opp trådane på sitt vanlege vis, og overlet rette vedkomande til det lokale politiet.

TOTAL: 7,6

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: