RSS

Yrsa Sigurdardottir – LØGNEN

09 Sep

løgnenDenne boka går i tre forskjellige, spennande, retningar frå starten av.

Mannen til politikvinna Nina ligg i koma etter å ha prøvd å ta livet av seg. Medan ho rydder i arkivet på politihuset, kjem ho over eit 30 år gammalt avhøyr av mannen sin, der han fortel om eit sjølvmord han var vitne til som barn, som er heilt identisk og på same stad som han sjølv prøvde å ta livet sitt.

På eit fyr langt ute i havet sit fire menneske med ei kjensle av at dei ikkje er åleine på den vesle klippa helikopteret slapp dei av på.

Ei familie kjem heim frå USA, etter å ha bytta hus med ei amerikansk familie. Men dei får ikkje kontakt med amerikanarane, og ein overvakingsvideo frå hytta deira tyder på at noko ikkje er som det skal vere.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Eit tredelt plott her, som kanskje kan vere litt mykje å halde styr på til tider. Men Yrsa er tilbake på same nivået ho var på i «Jeg vet hvem du er«, når det gjeld spenning.

Karakterane – 8
Fine karakterar, utan at nokon av dei skil seg særleg ut. Politikvinna Nina er nok den me kjem tettast på.

Miljøskildring – 9
Mørkt og fengande.

Språket – 9
Lettlest, med cliffhangerar på dei rette stadane.

Starten – 8
I starten får me ein smakebit på dramatikken i ei av historiegreinene, så det er actionprega frå fyrste side.

Sidesnuing – 8
Med tre parallelle historier er det kanskje ikkje vanskeleg å halde spenninga oppe i slutten av kvart kapittel, men det er i alle fall sjeldan ein kjenner at ein kan legge boka frå seg litt.

Tempo – 8
Det er bra tempo heile vegen, og igjen; med tre historier, er det alltid noko nytt som skjer, om handlinga skulle stoppe opp i ei av historiene.

Forutsigbarheit – 8
Eit nifst drag ligg over historia, og gjer det vanskeleg å sjå føre seg kva som har skjedd, og kvar vi skal hen.

Den gode kjensla – 8
Den skumle draget som eg har sakna sidan den fyrste boka til Sigurdardottir, er tilbake her. I tillegg er alle tre historiene i boka spennande i seg sjølv, og knytte saman på ein måte som gir fin flyt, og bygger stemning.

Avslutninga – 7
Ein spennande slutt, men kanskje kunne ein håpt på noko litt meir?

TOTAL: 8,1

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/09/2015 in fyr, island, politi, sigurdardottir

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: