RSS

H.K. Fauskanger – SKARLAGENSSALEN

22 Sep

SkarlagenssalenI Austfold ligg garden Ugge, der det fins eit rom i kjellaren som ikkje bør opnast. Soga seier at herren på garden, Ulstadius Ugge selde sjela si til djevelen, og at alle dei er for lenge i rommet, ikkje kjem derfrå med helsa i behold.

Skodespelaren og skeptikaren Fredrik Lange har inngått eit veddemål med ein kollega, om at han utan problem kan tilbringe natta i rommet, Skarlagenssalen.

Men ting går ikkje heilt slik som Lange planlegg, og ting kan tyde på at myta ikkje berre er ei myte.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein skeptikar har med seg eit stort fylge med vitner til garden Ugge, for å motbevise at eit avlukka kjellarrom er heimsøkt eller besatt av djevelen sjølv.

Karakterane – 8
Skeptikaren Lange kjem litt i bakgrunnen av ein annan skeptikar, førsteammanuensis Sebasian Lagergren, og forteljaren, Oskar Prods Brattenschlag. I tillegg er fylgjet krydra av flotte personlegheiter, mellom anna eit britisk medium, ein bister huseigar, og ein framtidig verdskjendis.

Miljøskildring – 9
Forfattaren dreg oss med enkelheit inn i mystikken og den skumle stemninga på Ugge Gard.

Språket – 8
Lettlest og fint, sjølv om noko av teksten er lagt opp mot måten dei prata rundt forrige århundreskifte.

Starten – 8
Her er det meir eller mindre rett på historia, og det er spennande frå eit svært tidleg stadie.

Sidesnuing – 9
Gjennom store delar av boka merker ein kor ein berre vil ha meir, og kome seg vidare i historia.

Tempo – 8
Historia driv framover i jamnt og godt tempo, og der handlinga stoppar litt opp, er det likevel så spennande at ein ikkje legg merke til det.

Forutsigbarheit – 8
Boka balanserer såpass tett på grensa mellom verkelegheit og det okkulte, at det er vanskeleg å vite kvar ein skal sjå etter svar, og sjølv om ein kanskje kan tenke seg ei løysing, er ikkje detaljane så lett å sjå før seg.

Den gode kjensla – 9
Dette er ein spennande bok av ein glimrande forteljar, med ei fantastisk evne til å avslutte det han lovar tidleg i boka. Det er mange spennande og interessante spørsmål som vert stilt i starten, og undervegs undrast ein om dette er muleg å innfri. Men den skumle, dystre stemninga, spenninga og til dels varmen i historia, gjer dette til ei svært lesbar bok.

Avslutninga – 9
Som nemnt over, så innfrir avslutninga det som har vorte lova tidlegare i boka.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 
 

Stikkord:

One response to “H.K. Fauskanger – SKARLAGENSSALEN

  1. H. K. Fauskanger

    01/12/2015 at 18:40

    Forfatteren takker og bukker!

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: