RSS

Chris Tvedt – DØDENS SIRKEL

30 Sep

dødenssirkelAdvokat Mikael Brenne er midt i ei sak, då han plutselig vert sentrum i ein enorm skandale, som ser ut til å øydelegge heile karrieren hans.

Medan han sjølv er under etterforsking, hjelper han til med å sjå på ei gammal drapssak, der ein mann som vart dømt for drap i eit lite øysamfunn 25 år tidlegare, no vil ha saka si opp att, og verte reinvaska.

(2010)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei sak i saka, der advokaten kjem under etterforsking, og samstundes tek på seg å finne ut av ei 25 år gammal sak i eit øysamfunn nord for Bergen.

Karakterane – 8
Brenne og advokatkollegaene hans er fine typar, og øysamfunnet er ein flott bukett med karakterar.

Miljøskildring – 8
Det litt lukka og religiøse øysamfunnet er glimrande skildra.

Språket – 7
Stort sett fin flyt og raskt og lettlest.

Starten – 8
Etablerande og spanande frå starten av.

Sidesnuing – 7
Det går litt opp og ned. Til tider er det svært spanande, det går fort, og skjer mykje, medan andre stader skjer det litt for lite.

Tempo – 7
Litt som over. Tempoet er bra til tider.

Forutsigbarheit – 8
Vriane er spennande og til tider overraskande.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt greit spennande bok, som godt kan anbefalast, men den vil nok ikkje hamne øvst i stabelen.

Avslutninga – 8
Bra med action og tempo i avslutninga også. Den skuffar ikkje i forhold til resten av boka.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: