RSS

Samuel Bjørk – UGLEN

15 Okt

uglenEi ung kvinne vert funnen drept, i det som ber tydeleg preg av eit ritualdrap. Ein heim for vanskeligstilte barn i nærleiken vert tidleg sentral i saka, og ein (i overkant?) sliten Holger Munch må løyse saka saman med Mia Krüger og teamet.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei ung kvinne vert funnen drept i skogen på Hurumlandet. Ho ligg omgitt av fjør, og har ei rose i munnen. I prologen høyrer me om to små barn som vert sendt bort frå familien i Sandefjord, fordi mor deira skal gifte seg med byens rikaste mann. Avslutningsvis vert det antyda at eit av disse borna utviklar eit spesielt forhold til fjør.

Karakterane – 8
Holger og Mia er klassiske krimkarakterar. Han overarbeidd, skild og trøtt; ho suicidal og kjempande mot ei avhengigheit. I tillegg er det gode karaterar i den unge hackaren, og den spelagale politimannen Curry. Kanskje ikkje så veldig originale, men interessante og spennande likevel.

Miljøskildring – 7
Fine variasjonar, frå den kalde verda til Mia Krüger, til den litt bitre verda til Holger Munch, som prøver å passe inn den moderne storfamilien.

Språket – 8
Enkelt, lettlest, og heile tida spenningsbyggande.

Starten – 8
Intenst frå starten av, sjølv om forfattaren etablerer bakgrunn til både krimsaka, og livssituasjonen til hovudpersonanen.

Sidesnuing – 8
Samanlikna med debutboka til Bjørk, er det litt meir dødpunkt i denne, men stort sett er det vanskeleg å legge boka frå seg.

Tempo – 8
Som over; det er eit par strekk som er litt seigare, men stort sett held denne boka svært bra tempo.

Forutsigbarheit – 7
Mange mistenkte, men kanskje peikar nokon seg ut litt for tidleg?

Den gode kjensla – 7
Ein solid, moderne krim, med bra tempo, fart i språket og framdrift heile vegen. Så er det såklart det evinnelege spørsmålet, om det vert for forutsigbart og oppskriftsmessig. Synes denne boka såvidt klarer å halde seg på rett side, men er nok langt nærare oppskriftsstreken enn forgjengaren.

Avslutninga – 7
Fartsfyllt, sjølv om kanskje noko av spenninga vert utløyst tidlegare.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/10/2015 in bjørk, norge, oslo, politi, ritual

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: