Imponerande historisk krim
Ein Drammensvinter på 50-talet: Ein av landets mest lovande boksarar før krigen, Jan Ove Brink, trakkar utover isen på Drammenselva. Ved ei opning i isen, kler han av seg, til han vert ståande igjen i bokseshortsen. Så hoppar han i isvatnet, og vert ikkje funnen.
Nicolay Wolff, sjølverklært krimjournalist, vert oppmoda om å sjå nærare på årsakene kring sjølvmordet. Dersom det då var sjølvmord.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar godt skrivne historiske krimbøker, med imponerande tidskoloritt.
(2013)
Vurdering:
Plottet – 8
Boksetalentet som var aktiv motstandsmann under krigen, tek plutseleg livet av seg, iført bokseuniforma si. I handa har han ein pokal. Ingen andre er å sjå i nærheita, så ingen er i tvil om at dette var sjølvmord. Men søstera til boksaren ønsker å vite meir, og ber innehavaren av «KrimMagasinet» om hjelp.
Karakterane – 8
Ein får veldig sansen for krimredaktøren Nicolay Wolff, som vert ein slags typisk detektivhelt frå ei gammal svart/kvitt-film. Ei vakker skjønnheit bankar på glasdøra med navnet hans på, og treng hjelp. Du kan lukte sigarrettrøyken.
Miljøskildring – 10
Me er i Drammen på 50-talet, og omtalen av både byen og områda rundt er svært stemningsskapande.
Språket – 8
Godt og svært lesevennlig.
Starten – 8
Stemningsfullt og interessant frå starten, både i jobben som bladjournalist og i sjølve saka.
Sidesnuing – 8
Ikkje akkurat ein klassisk sidesnuar, men historia er spennande, og har fleire lag, så det er alltid noko å glede seg til.
Tempo – 8
Ting skjer ikkje veldig fort, men det er alltid noko på gong, og fleire historier driv framover samstundes.
Forutsigbarheit – 8
Det er ikkje så lett å vite kvar ein skal ende opp her. Manger er mistenkte, mange samanhengar kan skimtast under vegs, men det er stadig overraskingar på lur.
Den gode kjensla – 9
Til tider kjennes dette som å lese ein skikkelig klassikar. Minner på mange måter om stemninga ein får når ein les «En Usynlig«. Det er stemningsfullt, spennande, godt skrive og interessant på fleire nivå enn berre krimhistoria.
Avslutninga – 8
Forklarande og fin, nøstar opp historia på tilfredstillande vis.
TOTAL: 8,3