RSS

Åsa Larsson – SPILT BLOD

21 Nov

spiltblodI den Nord-svenske bygda Jukkasjärvi, vert presten og feministen Mildred Nilsson drept, og hengt etter ei kjetting inne i kyrkja.

Etterforskinga gir ikkje politiet mykje å arbeide etter, og etter kvart trappar dei ned heile etterforskinga.

Seinare kjem advokat Rebecka Martinsson til bygda for å hjelpe kyrkja med det juridiske i samband med drapssaka. Når ho finn både truslar og avslørande brev blant sakene til Nilsson, kjem etterforskinga i gong igjen.

(2004)

Vurdering:

Plottet – 7
Den innflytta kvinnelige presten som har skapt uro i bygdesamfunnet vert funnen drept i si eiga kyrkje. Det kan virke som dei fleste mannlege innbyggjarane har hatt grunn til å ønske henne fjerna frå si stilling.

Karakterane – 7
Advokaten Rebecka Martinsson og politifolka Anna-Maria Mella og Sven-Erik Stålnacke er gjengarar i serien til Larsson, og gir ein fin balanse blant dei andre karakterane. Martinsson kjem kanskje litt i bakgrunnen i sjølve krimdelen her, sjølv om ho er sentral i få etterforskinga i gong igjen.

Miljøskildring – 8
Ein av dei klare styrkane til Åsa Larsson. Stemningsfullt og litt mørkt frå Nord-Sverige.

Språket – 7
Forholdsvis lettlest, men av og til litt omstendelig.

Starten – 7
Roleg og ikkje så veldig intens start, sjølv om me finn presten hengande frå ei kjetting ganske tidleg.

Sidesnuing – 7
Dette er ikkje nokon klassisk sidesnuar, og det er lange historielinjer, og ting skjer i bedagelig hastigheit.

Tempo – 7
Det går ikkje så fort, noko som kanskje speglar både tilstanden til Rebecka Martinsson og livet i Jukkasjärvi.

Forutsigbarheit – 8
I og med at heile den mannlege delen av området virkar som dei ville presten til livs, så er det vanskeleg å sjå kvar me endar opp.

Den gode kjensla – 7
Stemningsfullt, men ikkje så veldig spennande, og sjølve historia er litt for treig.

Avslutninga – 7
Ting skjer fort på slutten, og det er ingenting å seie på avslutninga i forhold til resten av historia.

TOTAL: 7,2

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: