RSS

Terry Hayes – JEG ER PILEGRIM

28 Des

jegerpilegrimEin pensjonert agent vert trukken tilbake i arbeid, når det viser seg at nokon har utført eit drap, basert på ei bok agenten har skrive.

Deretter vert agenten, Pilegrim, sendt på eit nytt oppdrag, der han må stoppe ein arabisk krigar og lege som har hemntankar og tilstrekkelig kunnskap til å sette den ultimate hemna ut i livet.

Omtala som ein thrillersensasjon i forkant, så her er forventingane høge. Og ein kan ikkje seie anna enn at dei innfridde. Her er det full gass frå starten av, og dei 800 sidene går unna som det skulle vore ei brosjyre om på eit A4-ark.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein tidlegare agent vert kalla tilbake for å stoppe den største trusselen mot den vestlege verda i moderne tid.

Karakterane – 9
Grundige og tydelige typar, lette å like, og lette å kjenne igjen.

Miljøskildring – 9
Alt i denne boka er grundig utreia, også miljøet, om det er i Paris, i fjella i Afghanistan eller i ein tyrkisk ferieby.

Språket – 10
Til å vere ein koloss på 800 sider er denne boka uhyre lettlest og velskreven. Om språket er tungt nokon stad, så har spenninga i boka i så fall dekka godt over det.

Starten – 9
Rett i actionmodus, og foten slepp knapt gassen før me er i mål.

Sidesnuing – 10
Om det fins ei bok som kan rettferdiggjere å verte kalla ein sidesnuar utan at det vert ein klisjé, så må det vere denne.

Tempo – 8
Ting skjer heile vegen, men vert såpass grundig dokumentert at tempoet ikkje virkar heseblesande. Men treigt er det aldri.

Forutsigbarheit – 9
I denne historia så kjenner me begge sidene av saka, og veit kva kjeltringer har planar om, så kva retning det skal gå er ikkje overraskande, men ting som skjer under vegs er både oppsiktsvekkande, friske og overraskande.

Den gode kjensla – 9
Boka er så grundig i alle ledd, at ein sjeldan vert sitjande å lure på lause tråder. Sjølvsagt kan ein kanskje seie at ting går litt lett for helten, men slik er det vel i dei fleste thrillarar med superagentar.

Avslutninga – 9
Ei god og solid avslutning på ei veldig god bok. Nøstar opp alle påbegynte greiner på ein glimrande måte.

TOTAL: 9,0

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: