RSS

Jørgen Jæger – MONSTER

04 Feb

jjmonster2Ein 11-åring spring glad og fornøgd av skulebussen, men når ho kjem inn døra på garden der ho bur, er ho i sjokk. Kva skjedde undervegs?

Familien til jenta bur på hemmelig adresse, under nytt namn, fordi dei er drapstrua av 11-åringens far. Både politiet og familien trur det er han som no har funne dei.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei jente ser noko mellom skulebussen og huset til familien. Kan det vere faren, som dei lever på skjult adresse for å unngå?

Karakterane – 7
Karakterane er ok, den skremte familien er hovudpersonar, og er heilt greie. Dei som er slemme, er veldig einsformige, og politiet er også litt gjennomsiktige.

Miljøskildring – 7
Den aude garden, der alle ugjerningane skjer, er skildra på den klassiske måten. Den fiktive byen Fjellberghavn er litt vanskeligare å kome under huda på.

Språket – 8
Språket flyt bra, sjølv om det er nokre kvileskjer her og der.

Starten – 8
Starten er bra, og gir deg umiddelbart lyst til å finne ut meir. Me kjem rett inn i handlinga, og slepp å vente lenge på at det skal verte action.

Sidesnuing – 7
Det går litt opp og ned. I starten og mot slutten er det ganske vanskeleg å legge ned boka, men i midtpartiet går det litt tråare.

Tempo – 7
Det er bra driv i starten og på slutten, og ikkje så mykje å seie på tempoet.

Forutsigbarheit – 7
Historia virkar ganske opplagt frå starten av, men ein overranskande tvist hevar heilheitsinntrykket.

Den gode kjensla – 7
Etter forrige møte med denne forfattaren, var det kanskje den boka eg har hatt lavast forventingar til nokon gong. Men den er milevis forbi Ridderkorset i både truverdigheit og kvalitet. Likevel er det jamnt over litt for enkelt. Skulle ønske det var litt meir motstand for heltane og lesaren.

Avslutninga – 7
Heilt på høgde med resten av boka.

TOTAL: 7,2

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/02/2016 in haugesund, jæger, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: