RSS

Ian Rankin – MORTAL CAUSES

24 Mar

mortalcausesDen sjette boka om John Rebus.

Denne gongen er det festival i Edinburgh, og byen er full av turistar. Når politiet finn eit mishandla lik i dei forletne gangane under den gamle hovudgata Royal Mile, mistenker dei at religiøse aktivistar er på ferde.

At det er hektisk aktivitet blant våpensmuglarar og terroristar rundt byen samstundes, gjer at politiet fryktar eit angrep på festivalpublikummet.

(1994)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein ung mann vert funnen død under hovudgata i gamlebyen, og måten han vert funnen på, gjer at politiet dreg parallellar til dei blodig oppgjera i Nord-Irland.

Karakterane – 8
John Rebus er fjellsolid, og dei han har rundt seg er også truverdige og klare typer.

Miljøskildring – 9
Denne gongen er det full festival i Edinburgh, og byen kokar over av turistar frå heile verda på seinsommaren. Rankin skildrar livlig denne delen av livet i byen, samstundes som han blandar inn dei mørkare sidene frå dei lovlause bydelane, der sjølv politiet fryktar å opphalde seg.

Språket – 8
Dette er over 20 år gammalt, så litt seigare enn det me er vant til i dag, er det nok, men framleis er ikkje mykje å utsetje. Det tyder på kor suveren Rankin var for 22 år sidan.

Starten – 8
Det fyrste drapet kjem ganske kjapt, og sug deg inn i boka enten du vil eller ikkje.

Sidesnuing – 7
Etter ein spenstig start, legg det seg litt, og det vert ein del venting, både for oss og for Rebus.

Tempo – 7
Som over, det går litt seinare i eit langt midtparti, før det tek seg opp att mot slutten.

Forutsigbarheit – 8
Rankin byr ikkje berre på tvistar i sjølve historia, men både brotsverket, forbrytarane og plottet kan plutseleg endre seg undervegs.

Den gode kjensla – 7
Ein klassisk og solid krim, kanskje ikkje den beste om John Rebus, men likevel lesverdig og til tider ganske spennande.

Avslutninga – 7
Eksplosiv og tempofyllt finale.

TOTAL: 7,6

Advertisements
 
 

One response to “Ian Rankin – MORTAL CAUSES

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: