RSS

Geir Tangen – MAESTRO

01 Apr

maestroDebutboka til krimbloggar Geir Tangen er ei svært positiv overrasking. Eg sit med litt same kjensla som då eg las fyrste boka til Frode Granhus:

Viljar Ravn Gudmundsson var den heitaste journalisten i Haugesund for 4 år sidan, men noko har skjedd sidan den gong. Men så får journalisten ein epost med eit varsla drap.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 8
Fire år etter at han var den heitaste gravande journalisten i Haugesund, får Viljar Ravn Gudmundsson ein epost, der avsenderen varslar eit drap. Når drapet rett etterpå vert gjennomført, står Gudmundsson plutseleg midt i dramaet.

Karakterane – 7
Hovudpersonen kjem ein ganske godt under huda på, medan dei andre vert litt meir overfladiske.

Miljøskildring – 7
Haugesund skildra stemningsfullt.

Språket – 9
Lettlest og fint. Bra driv heile vegen.

Starten – 8
Ikkje mykje etablering før me er rett inne i tjukkaste handlinga. Ein spanande start som lovar mykje.

Sidesnuing – 8
Etter kvart som historia utviklar seg, vert det vanskeligare og vanskeligare å legge boka frå seg.

Tempo – 8
Det er ikkje mange rolige perioder i historia, og sjeldan ein tenker at det må gå raskare framover.

Forutsigbarheit – 7
Det utmerkar seg gode kandidatar ganske tidleg, men historia byr likevel på overraskande vendingar.

Den gode kjensla – 8
Ei svært god debutbok, med både spenning, tempo og godt språk. Det er nokre småting som trekk litt ned, men som er vanskeleg å nemne utan å avsløre for mykje. (Personleg var eg også svært uheldig og miste boka ned frå sofaen i påska, og då eg fekk berga den, var den oppslått på ei side som, sjølv om eg berre såg eit nanosekund på den, avslørte den/dei skuldige.)

Avslutninga – 8
Tempo og action heilt inn. Ei svært lesverdig avslutning.

TOTAL: 7,8

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: