RSS

Sjöwall & Wahlöö – DØDEN TAR BUSS

27 Mai

dodentarbussBeck i gamle dagar.

Dette er den fjerde boka om Martin Beck, no mest kjend frå TV-serien.

Ein våpendesperado skyt om seg på ein buss i Stockholm, og drep 8 passasjerar. Berre ein overlever. Blant dei drepne er ein politimann, og politiet mistenker at drapa er for å dekke over drapet på denne politimannen. Det viser seg at han, på fritida, har etterforska eit gammalt drap på ei portugisisk prostituert.

* I 1995 var denne boka kåra til tidenes 46. beste krimbok, av den amerikanske forfattarorganisasjonen Mystery Writers of America (MWA)

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du syns Beck er ein av dei beste krimheltane, og vil lese ei av dei beste bøkene om han.

(1968)

Vurdering:

Plottet – 8
Politiet er opptekne med demonstrasjonar mot Vietnamkrigen, då ein dobbeldekkarbuss vert funnen forlatt, og inne i bussen ligg 8 døde, og ein hardt skadd passasjer. Ein politimann er blant dei drepne, og etterforskinga kan tyde på at han var målet for ugjerninga.

Karakterane – 8
Beck og Gunvald Larsson er godt kjende frå TV-serien. Dei andre karakterane har diverse politiske eigenskaper, som på sitt vis kommenterer dåtidas Sverige.

Miljøskildring – 8
Stockholm på 60-talet, ein by i endring, skildra stemningsfullt og solid.

Språket – 8
Boka er oversett i 1970, men språket glir veldig fint. Det fins bøker i dag som har langt treigare språk enn dette.

Starten – 8
Spennande og interessant heilt frå byrjinga.

Sidesnuing – 8
Utover følgjer historia fleire retningar, og disse held deg i spenning, sjølv om kanskje ikkje hovudlinjene er så altfor spennande heile tida.

Tempo – 8
Det går framover, historiene stoppar ikkje opp, sjølv om det går litt trått med etterforskinga, og tempoet er svært bra med tanke på når denne boka var skriven.

Forutsigbarheit – 8
Det er mange idear om kva som kan ha skjedd, og det dukkar stadig opp nye teoriar. Det er ikkje altfor lett å gjette kvar me skal, og spenninga held seg lenge.

Den gode kjensla – 8
Ein spennande og god bok, sjølv om det nok hjelp litt på at ein kjenner karakterane så godt frå før. Men når ei såpass gammal bok er såpass lesbar som dette, kan ein ikkje klage.

Avslutninga – 8
Spenninga held seg svært lenge.

TOTAL: 8,0

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 27/05/2016 tommar beck, politi, sjöwall & wahlöö, stockholm, sverige

 

One response to “Sjöwall & Wahlöö – DØDEN TAR BUSS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: