RSS

Ninni Schulman – VÅR EGEN LILLE HEMMELIGHET

20 Jul

våregenlillehEin sosialarbeidar kjem ikkje heim frå jobb, og mannen etterlyser henne. Ho hadde planlagt eit besøk hjå ei familie dei hadde fått ei bekymringsmelding på då ho forsvann. Seinare vert bilen hennar funnen forleten, og det er spor av blod i den.

Samstundes som politifolka Petra og Christer byrjar leite etter den forsvunne kvinna, byrjar journalist Magdalena Hansson å grave litt, og finn ut at livet til den tilsynelatande lukkelig gifte kvinna ikkje nødvendigvis er heilt slik alle trur.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 7
Sosialarbeidar Anna-Karin Ehn forsvinn på veg til å besøke ei familie, og mannen etterlyser henne når ho ikkje kjem heim. Den lokale journalisten byrjar sjå på saka, og det viser seg at alt ikkje er slik det ser ut.

Karakterane – 8
Fine og varierte, som i den fyrste boka til Schulman, Jenta med Snø i Håret, men framleis er det litt mange hovudpersonar.

Miljøskildring – 8
Fin og lun skildring av småby-Sverige

Språket – 7
Lettlest og fint, men det er mykje andre ting enn sjølve saka som ofte står i fokus, då flyt det litt dårlegare.

Starten – 8
Me kjem kjapt i gong med spenninga.

Sidesnuing – 8
Det er mange parallelle historier som alle er spennande, og det skjer mykje utover, så sidene går fort, med unntak av når me går for djupt inn i privatlivet til hovudkarakterane.

Tempo – 6
Sjølve historia er det bra driv i, men sidan det er så mange hovudpersonar, og så mange av dei har ein del private historier som må fram, så går det til tider svært sakte.

Forutsigbarheit – 7
Eit par gode vendingar, men kanskje ikkje dei heilt store overraskingane.

Den gode kjensla – 8
Ei bok som kjennes ganske solid og «fullkomen» (det skjer mykje, ting blir nøsta fint saman og det er ei brei og fin historie), men dei mindre spennande beretningane om familien til Magdalena Hansson, for eksempel, dreg ned.

Avslutninga – 8
Ei avslutning som står i stil til resten av boka.

TOTAL: 7,5

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: