RSS

Frode Granhus – KISTEMAKEREN

03 Aug

kistemakerenNokon finn ein videokassett i ei grøft, og filmen viser nokon som er innstengd i ei kiste. Nokre år tidlegare var det ei ung jente som påsto at ho hadde vore innestengd i ei kiste, og innhaldet på filmen kan tyde på at historia til jenta stemte.

Rino Carlsen er tilbake i Reine i Lofoten, og i denne fjerde boka må han løyse ei gammal sak, om den då verkeleg er så gammal.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 8
Ein ung gut finn ein videokasset som viser ei jente innestengd i ei kiste. Dette bekreftar ei historie frå nokre år sidan, då ei ung jente kom heim og fortalde at ho hadde vore innestengd i ei kiste.

Karakterane – 7
Rino Carlsen er ein fin karakter som veks på deg bok for bok, og han virkar ikkje så sær og kunstig no (tresko feks), som han kanskje gjorde i dei fyrste bøkene, men prisen er at han då også vert litt mindre særegen. Også her er det ei kjensle av at små barn er i overkant kalde og kloke for alderen.

Miljøskildring – 9
Det er ikkje berre berre å skildre omgivnadene godt, sjølv om ein er på Reine i Lofoten, men Granhus gjer det med glans.

Språket – 9
Som vanleg svært bra.

Starten – 8
Ikkje mykje utanomprat før me er midt i suppa.

Sidesnuing – 8
Det er litt opp og ned, men utover i historia skjer det stadig meir, og det vert vanskeligare å vanskeligare å legge frå seg boka. Korte og fine kapittel hjelp med å halde spenninga oppe, men samanlikna med dei tre foregåande bøkene, er kanskje ikkje den beste på dette punktet.

Tempo – 8
Bra tempo, ting skjer, nokre kvileskjer undervegs, men stort sett bra.

Forutsigbarheit – 8
Eit par overraskande moment utover. Du har mange under mistanke, men kven er den/dei rette til slutt? Det tek ei ganske god stund før du er heilt sikker.

Den gode kjensla – 8
Stemningsfullt, spennande, men ikkje det skumle som Malstrømmen baud på, og kanskje heller ikkje spenninga som me fann i Stormen, men likevel ei god leseoppleving.

Avslutninga – 8
Spennande og rikeleg av tvistar og vendingar til siste slutt.

TOTAL: 8,1

Advertisements
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: