RSS

Gunnar Staalesen – KALDE HJERTER

09 Aug

kaldehjerterVarg Veum får besøk av ei prostituert kvinne, som vil melde venninna si sakna. Ho følte seg trua rett før ho forsvann, og venninna er redd ho ikkje har forsvunne av eiga fri vilje.

Veum har så vidt starta grave i saka før det fyrste liket dukkar opp. Så viser det seg at den forsvunne kvinna, Margrethe, har ei familiehistorie litt utanom det vanlege.

(2008)

Vurdering:

Plottet – 7
Ei gatejente forsvinn i Bergen, og venninna er engstelig for henne. Veum tek saka, og finn ut at familiebakgrunnen til den forsvunne kvinna ikkje er heilt A4.

Karakterane – 8
Veum er velkjend, dei andre har også ein del djupde og fin variasjon. Spesielt dei eldre karakterane står fram som interessante, medan dei hardbarka kriminelle gjerne virkar litt for uoriginale.

Miljøskildring – 7
Eit mørkt og vått Bergen, heilt på det jamne.

Språket – 7
Heilt greit. Litt saktare enn det ein kanskje er van med no, og litt i saktaste laget kanskje med tanke på at denne boka berre er frå 2008.

Starten – 7
Det er ganske rett på sak, utan for mykje venting.

Sidesnuing – 7
Spenninga får dessverre aldri heilt tak, sjølv om det strammar litt til mot slutten.

Tempo – 7
Det skjer ein del, men tempoet er ikkje akkurat heseblesande. Men også det tek seg litt opp mot slutten.

Forutsigbarheit – 7
Det er nokre lag med overraskingar, men kanskje ikkje dei heilt store? Kor langt les du før du ser kvar me skal hen?

Den gode kjensla – 6
Ei heilt grei bok i papirform. Lydboka vart forsøkt, styr unna 🙂 Ein bør aldri gå for all verdas dialekter, damestemmer, eldrestemmer etc i ei lydbok. Frå fyrste minutt er det ei farse, og me møter tidleg ei prostituert frå Nord-Norge som høyres ut som Pelle Politibil. Så lydboka hadde nok fått 0 basert på det. Men, uansett, du finn bedre Varg Veum-bøker enn dette. For eksempel

Avslutninga – 7
Det løftar seg litt mot slutten.

TOTAL: 7,0

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: