RSS

Hjorth & Rosenfeldt – DEN STUMME JENTA

20 Aug

denstummejentaEi heil familie vert slakta i utkanten av ei svensk kommune i Värmland. To små barn og foreldra vert skotne, og med unntak av eit skoavtrykk og typen våpen, står det lokale politiet utan spor.

Rikskrim med psykolog og profilekspert Sebastian Bergman kjem til staden, og finn etter kvart ut at det har vore ein femte person i huset; ei lita jente (kan kanskje betegnast som ein spoiler, men la oss vere ærlege: det står i tittelen). Har drapsmannen teke med seg jenta, og kvifor ikkje drepe henne også?

Temporik, spennande og uforutsigbar.

Dette er den fjerde boka om Sebastian Bergman, etter Mannen som ikke var morder, Dødens Disippel og Fjellgraven.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei familie på 4 vert depne i Torsby i Värmland. Etter at etterforskinga står utan spor, vert Rikskrim, med psykolog Sebastian Bergman. Kusina til dei drepte gutane viser seg å ha vore på besøk, og no er ho borte.

Karakterane – 9
Rikskrimgjengen er denne gongen utan den stødige Ursula, men Sebastian, Vanja, Torkel og Billy er, om noko tradisjonelle, etablerte, varierte og solide karaterar.

Miljøskildring – 7
Ikkje så mykje fokus på miljøet, men den vesle jaktbygda og kanskje mest ei runde i Kiruna er lett å sjå for seg.

Språket – 9
Oppskriftsmessig. Raskt, enkelt og med god driv.

Starten – 8
Litt etablering, litt oppsummering frå tidlegare bøker, men stort sett rett i gong.

Sidesnuing – 9
Dette er nok den største fordelen med at boka er skriven av folk som til vanleg skriv for TV. Dei skriv sånn at du alltid vil lese ei side til for å finne ut kva som skjer. Her er det til tider svært vanskeleg å legge frå seg boka.

Tempo – 8
Historia utviklar seg kjapt, og det kjem stadig nye ting til, som skjer at ein aldri føler at ting stoppar opp.

Forutsigbarheit – 8
Igjen, ein styrke dei to sannsynlegvis dreg med seg frå TV-verda. Ting ser ofte ut som noko, men er noko anna.

Den gode kjensla – 9
Ei god og kjapp og spennande historie, som absolutt kan anbefalast.

Avslutninga – 9
Ei glimrane avslutning! Gled deg til den.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 

Stikkord: ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: