RSS

Nordberg/Hagerup – SISTE AKT

21 Aug

sisteaktUnder ei oppsetjing av Hamlet på Nationaltheateret, vert det gnisningar mellom to av aktørane, mor og dotter, som begge har sentrale roller i stykket, men ikkje går overeins på grunn av hendingar i fortida. Likevel er mora bekymra for dottera, og ber skodespelar Niklas Faber, kjent frå fjernsynet som TV-detektiv, om å ha eit auge til henne.

Og det tek ikkje lang tid før Faber får bruk frå triksa sine som etterforskar på TV.

(2008)

Vurdering:

Plottet – 6
Sofia Leding reiser tilbake frå London til Oslo, for å spele mot si eiga mor i Hamlet. Faren hennar, eksmannen til mora Iselin, forsvann sporlaust for nokre år sidan, og Sofia fryktar han er død. Så byrjar ho få brev og oppringningar frå nokon som ho trur er faren, og skodespelarkollega Niklas Faber prøver å hjelpe til.

Karakterane – 7
Ein fin samansett gjeng, Faber er ein fin type, dei andre skiljer seg kanskje ikkje så mykje ut i mengda. Den morsomme eldre karakteren, den cocky stjerna, den forelska kvinna, den upopulære stefaren etc.

Miljøskildring – 8
Nationaltheateret frå innsida, og eit skummelt kråkeslått litt nord for Oslo. Der boka verkeleg glimtar til, er når forfattarane får fram det uhyggelige og mørke i historia, som kan minne litt om Bernhard Borge sine bøker.

Språket – 7
Det går litt sakte. Faber og kona har nokre samtalar som går litt treigt, og sjølv om telefonsamtalane deira er eit litt annaleis grep, luggar det litt. Ellers er det litt mykje gange rundt grauten her og der.

Starten – 7
Mykje teater i starten, men spenninga kjem sigande sakte men sikkert.

Sidesnuing – 7
Somme stader vert ein sitjande og vil vite meir, men i store delar av boka klarer ein ikkje å feste grepet om spenninga.

Tempo – 6
Det er roleg og bedagelig tempo, men det heller oftare mot for sakte enn for raskt.

Forutsigbarheit – 8
Fine tvistar.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt grei bok, som kanskje er meir stemningsfull enn den er spennande. Og det at boka heng såpass tungt på Hamletreferansene, vert også litt slitsomt utover.

Avslutninga – 8
Spennande og kanskje litt overraskande?

TOTAL: 7,1

 
 

Stikkord:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: