RSS

Karin Slaughter – BLENDET

04 Sep

blendet2Ein blind professor vert brutalt valdteken og drept på ein cafédo i ein fredelig, men fiktiv by i Grant County, Georgia. Doktor Sara Linton, som har flytta tilbake og gitt opp ein karriere i storbyen for å vere barnelege og deltids-patolog i heimbyen, er den som finn offeret.

Ho er også den, som saman med eks-mannen, politimester Jeffrey Tolliver, skal nøste opp saka. Og ting tyder på at dette er meir enn ei eineståande hending.

(2001)

Vurdering:

Plottet – 7
Eit svært grovt drap vert begått i ein fredelig småby, og ting kan tyde på at gjerningsmannen ikkje er ferdig.

Karakterane – 8
Det er i store delar av boka tre hovudpersonar. Nemnte Sara Linton, politimeisteren, og politibetjent Lena Adams, som er syster til det fyrste offeret. Fine og etter kvart breie karakterar, der historiene deira vert fletta fint inn i historia, og dermed bygger dei opp som om dei er gamle kjente.

Miljøskildring – 8
Ein fiktiv by, men småbykjensla kan ein godt kjenne igjen.

Språket – 8
Grei flyt og forholdsvis enkelt. Litt sidesprang frå historia er det, som somme stader lugger litt, men stort sett er det fin flyt.

Starten – 7
Litt mange folk å forholde seg til i starten, men ting skjer i hvertfall, sjølv om det tek litt tid før ein får oversikta, og me er i gong.

Sidesnuing – 8
Litt opp og ned. Tamt i store delar av fyrste halvdel, så kjem det seg veldig litt over halvvegs.

Tempo – 7
Saka driv ganske bra framover. Utanomsnakket vert som nemnt fletta fint inn i historia, så det stoppar ikkje tempoet altfor mykje. Nokre dødperioder er her likevel.

Forutsigbarheit – 7
Svært ope i starten, men etter kvart som me kjem utover, tettar nettet seg, og på eit visst punkt må dei fleste ha skjøna kvar me skal hen.

Den gode kjensla – 7
Ei heilt grei bok. Ein noko hausa forfattar, som kanskje vert bedre seinare, men dette her var midt på treet. Spennande nokre stader, for all del, men altfor grove og eksplisitte omtalar av ugjerningane, dekker som regel over andre manglar i historia. Måten historiene til karakterane vert fletta inn på, er det største plusset her.

Avslutninga – 7
Heilt ok, men ein sit kanskje igjen med ei kjensle av at kabalen ikkje har gått heilt opp?

TOTAL: 7,4

Advertisements
 
Kommenter innlegget

Posta av den 04/09/2016 in gamle dagar, lege, politi, slaughter, usa

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: