RSS

Peter James – IKKE DØD NOK

05 Sep

ikkedodnokEi rik kvinne vert funnen drept i sin eigen heim i Brighton, og mannen hennar som bur i London i vekene, vert ganske kjapt hovudmistenkt.

Kort tid etter vert ei ny kvinne funnet drept, og også ho har tilknytning til den mistenkte, Brian Bishop. Problemet er berre at han ser ut til å ha vanntett alibi i begge tidsromma.

Saftig og solid krim, sjølv om den har sine svakheiter.

(2007)

Vurdering:

Plottet – 8
Den unge og rike Katie Bishop vert funnen drept under særs spesielle omstendigheiter i si eiga seng. Mannen, som har vanntett alibi, og har vore i eit møte i ein heilt annan by,

Karakterane – 9
Roy Grace er ein spennande type, med ei solid historie, det same med den hovudmistenkte, Brian Bishop. Ein del bikarakterar leverar også varene.

Miljøskildring – 8
Ein vert grundig sett inn i nærmiljø i Brighton og Hove.

Språket – 10
Svært bra. Raskt, enkelt og retningsbestemt.

Starten – 8
Du treng ikkje venta mange sidene før det vert drap av verste sort i Brighton.

Sidesnuing – 9
Svært spennande stort sett heile vegen. Eit par spennande bihistorier held snuingstempoet oppe

Tempo – 8
Det er ikkje heseblesande, men heller aldri kjedelig. Ting skjer heile vegen, og det er god driv i historia.

Forutsigbarheit – 8
Spenninga held seg ganske lenge, så anar ein (dessverre) konturane av løysinga litt for tidleg.

Den gode kjensla – 9
Ei solid og gjennomført bok, der ting heng på greip heile vegen. Som nevnt kjem ei potensiell løysing litt for tidleg.

Avslutninga – 7
Action og drama, men skulle gjerne hatt ein vri eller to til.

TOTAL: 8,4

Advertisements
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: